Den rutinerte og gode dommaren bles i gang. Suldal var det einaste av klubbane som har vore med ein del år denne dommaren ikkje hadde dømt.

Det var svært tungt å svelgje tap i denne kampen, men det er nokre ting som gjentek seg i kamp etter kamp som  me må få vekk.

Dum, tilbakevendande ting nummer ein: Utruleg nok får motstandar mål etter 4 minutt i denne kampen og, sjølv om det siste me snakka om var at me skulle vere på hugget og få kampen over på vår side frå start. Målet kom då dei kom rundt på høgre side, me fekk ikkje klarert då Tor Hallvard Aarhus i mål rykka ut, og vertane kunne spele inn til umarkert spelar på tre meter. 1-0. Då hadde Våganes alt hatt ein sjanse på hjørnespark.

Etter denne kalddusjen byrjar me å spele, vinne duellar og komme til sjansar. Ni minutt ut i kampen kombinerer Vegard Aas, Knut Foldøy og Tore Bendiksen Søraas flott, Knut får lagt inn til Tore i feltet, som kontrollert set ballen i mål til utlikning.

Me spelar godt frå det 5. minuttet til det 40. minutt av første omgang. I denne perioden går me og opp til leiing 2-1 ved Knut. Han heng høgt og lenge i feltet og styrer nydeleg inn det gode innlegget frå Tore med pannebrasken. Etter målet, styrer me framleis spelet og burde ha fått 3-1 då Erik Bård Bråtveit smøyg seg gjennom forsvaret. Han var på veg til å runde keeper, men oppdaga ein endå betre plassert Vegard. Dessverre var han i offside, og målet vart korrekt annulert.

Dum, tilbakevendande ting nummer to: Når me leier, slepp me motstandaren inn i kampen i staden for å avgjere. Av ein eller annan grunn tok me pause fem minutt for tidleg. Me putla for mykje med ballen i staden for å halde fram med å vere kontante. Våganes braut oss på midten rett før pause, og var typisk nok så effektive at dei fekk mål på det. Eit dumt tidspunkt å få mål imot på, ifølge fotballen sin ABC.

Men me trudde på at me skulle greie dette i andre omgang. Likevel kom her dum, tilbakevendande ting nummer tre: Me

Knut har kurs...

blir redde for å tape og byrjar å stresse i jakta på leiarmål. Me blir oppjaga og vil helst ordne ting ein og ein heller enn å spele som eit lag. Eit mål vil me helst ha med ein einaste gang. Dermed sluttar me å spele ut på kantane, men slår heller ballen rett fram i håp om å nå spissane våre på gjennomløp. Det er berre det at heimelaget har to solide, stødige midtstopparar som lett plukkar desse oppspela, og slikt blir det lite målsjansar av.

Me er farlege på nokre dødballar. Knut, som forresten spelte ein god kamp både som ving og stoppar, slo mange flotte dødballar, men me får den ikkje i mål. Kvar er den lange tåa og sjiraffhalsen som når ballen og får den i mål? Når eit lag fører utan å få utteljing, er det

... i god...

ofte det andre som greier å lage mål. Eit innlegg i vårt felt blir farleg, me får klarert, men ein motstandar plukkar returen, tek seg tid og curlar ballen roleg rundt klynga med spelarar framfor seg og i mål utagbart for keeper berre ti minutt ut i andre omgang.

Dermed blir det ein kamp for å få utlikning. Heimelaget jobbar hardt og står på for å halde på leiinga, stressar oss opp slik at me ikkje får til spel, og skårar på kontring.

Me har nokre sjansar, blant anna ved Daniel Kristiansen på venstre sida, men ballen for over mål. To minutt før full tid dreg ein anna kar som utmerka seg ved godt og målretta spel i dag, Øystein Nærheim, seg fri innanfor 16-meteren. Han blir takla, og ein god

...skot-teknikk.

dommar  sette kursen mot straffemerket. Underleg nok får me berre straffe når den faste straffeeksekutøren er ute på jobb, så Tore sette ballen sikkert til side for keeper.

Eit desperat forsøk på utlikning med ekstremt høgt press siste minutta førte ikkje til utteljing, og ein svært skuffa gjeng måtte innsjå at det vart tap då me med seier kunne vore heilt i toppen av tabellen. Bittert, men me må lære av desse dumme, tilbakevendande tinga som hindrar oss i å gjennomføre ein god kamp frå første til siste minutt.

Heimekamp mot Sunde laurdag 5. juni kl 14.45.

Fakta:

Mål:

4 min: 1-0: Våganes

9 min: 1-1: Tore Bendiksen Søraas

22 min: 1-2: Knut Foldøy

43 min: 2-2: Våganes

55 min: 3-2: Våganes

81 min: 4-2: Våganes

88 min: 4-3: Tore Bendiksen Søraas (str)

Kort:

Ingen

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Øystein Nærheim

2 poeng: Knut Foldøy

1 poeng: Odd Åsgeir Lunde

Lag:

Tor Hallvard Aarhus – Tor Olav Berge, Tor Arne Sigstad, Odd Åsgeir Lunde, Øystein Nærheim – Knut Foldøy, Tore Bendiksen Søraas, Rene Adjemi, Bjørn M. Steine – Vegard Aas, Erik Bård Bråtveit

Innbyttarar: Vidar Hilde, Robert Sjøholt, Daniel Kristiansen