Årets første tap på heimabane.

Alt låg til rette for god fotball i Prestavikjo denne laurdagen, fine speleforhold og Suldal mønstra eit lag der 4 av spelarane hadde spelte førstelagsfotball kvelden før mot Forsand.

Første del av omgangangen var jamnspelt, i det 19 minuttet kom Stavanger med fine kombinasjonar på høgresida og slo ballen inn framom mål, bak vår forsvarsfirer og keeper Ingve Berge kunne ikkje forhindra at det stod 0 – 1 i målprotokollen.

Målskårar: Ørjan

Offsidetaktikken til heimelaget denne perioden var svært så dristig, ei noko ujamn linje i backfireren i kombinasjon med dårleg press i ballførar  heldt ved fleire høve på å resultera med mål imot. Utover omgangen var det fortsatt jamnspelt, det blei lite spel og mykje lange ballar. Etter ca. 40 minutt fekk Suldal frispark frå ca. 30 meter, Ådne Nærheim slo inn i feltet, og etter litt klabb og babb klarte Ørjan Underbakke å krigar inn eit mål, 1 – 1. Minuttet før pause svikta offsidefella til Suldal nok ein gong og keeper avverja ein opplagt målsjanse for Stavanger.

Pausepraten bestod seg av at Suldalsspelarane måtte våga å halda meir i ballen og byrja å spela meir kort enn det dei hadde gjort i første omgang. Dei få  gongene dette fungert kunne det fort resultert i mål, som i det 18 minuttet då fine kombinasjonar førte til eit fint legg rett framom mål der  Geir Bjarte Hoftun kom på eit fint løp, men diverre skote gjekk like utanfor.

I det 27 minutt fekk bortelaget hjørnespark som var eit resultat av dårleg klarering. Keeper måtte gi retur på hjørnesparket og dermed var bortelaget nok ein gong i føringa. 6 minutt før kampslutt sette Stavanger siste spiker i kista. Medan heimelaget var i ferd med å etablera muren og hadde fokus på dette, tok gjestene eit ”raskt” frispark og dermed stod det 1 – 3 og kampen var i realiteten avgjort.

Fakta:

Mål:

0-1: 19 min: SIF 3

1-1: 40 min: Ørjan Underbakke

1-2: 72 min: SIF 3

1-3: 84 min: SIF 3

Vinjar Låjen sine poeng:

3 p. Sigvart Vårvik.

2 p. Øystein Nærheim.

1 p. Tommy Espe.

Lag:

Ingve Berge – Tor Olav Berge, Ådne Nærheim, Sigvart Vårvik, Nils Arne Moe – Reidar Hagen, Øystein Nærheim, Ørjan Underbakke, Tommy Espe – Christer Hansen, Geir Bjarte Hoftun.

Benytta reservar: Sondre Vanvik, Sindre Overskeid