Suldal «tok ein Viking»: Då sjansen til å bite seg fast i toppen var der, tok me den ikkje og gjekk på eit dumt tap.

Vertane starta med knallhardt og høgt press. Dette gav eit positivt resultat for dei umiddelbart. Me var ikkje kontante, fekk ikkje klarert, og etter førti sekund for ein kontrollert lobb over keeper Ingve Berge og i mål. Kalddusj, sjølv om me har snakka om nettopp det å vere konsentrerte og kontante frå start.

Men me løfta oss og tok over spelet i ein periode, og etter kvarteret spelte man of the match Tore Bendiksen Søraas ballen nydeleg igjennom til Knut Foldøy. Dessverre sette Knut ballen hårfint utanfor.

Så tok Vardeneset 2 over igjen og hadde nokre sjansar til å auke leiinga, men Ingve fekk ei hand på ballen, eller den for utanfor og i stolpen. Likevel, etter 29 min fekk Vardeneset eit nytt mål då dei kom rundt på si vensre side og la inn Keeper fekk ikkje klarert skikkeleg, og vertane var tøffast framfor kassen.

Resten av omgangen var me ikkje gode. Ein kan vel kun gi godkjent til kapteinen vår Tore i denne perioden. Me lot feila våre gå inn på oss, og me tykte synd på oss sjølve når me bomma i staden for å vere interessert i å rette det opp og tenkje på det me fekk til.Gang etter gang måtte Tore rydde opp i feilval hos medspelarane.

Rett før pause fekk Vardeneset ein gratis sjanse til å auke leiinga til 3-0 då utsparket frå Ingve trefte ein av stopparane våre i ryggen. Heimelaget snappa ballen og sette ballen enkelt i mål.

I pausen var det humøret, spelegleda og viljen som måtte manast fram. Kanskje virka pausepraten, for i andre omgang var me mykje meir med. Spelarane jobba for kvarandre og våga å gjere det dei til vanleg kan. Heldigvis betalte det seg. Det kan fort komme eit drepande mål i mot når ein jobbar og slit for å få redusering. Vardeneset kunne ha fått nok eit mål, men det var me som nesten halvvegs i omgangen endeleg fekk hol på byllen. Tore hadde fått fleire med seg til å jobbe for kvarandre. Rune Andre Laugaland spelte saman med Tor Arne Sigstad stort i andre omgang, Halil Husic heva seg opp til Tore sitt nivå og Daniel Kristiansen kom inn sentralt på midten og tok skikkeleg tak i kampen. Daniel er verkeleg tilbake, betre enn nokon gang. På topp kom Christer Hansen inn og viste ein herleg vinnarvilje.

Første redusering fekk Knut Foldøy æra av å setje flott i krysset etter godt forarbeid av Halil, og den andre reduseringa kom kvarteret før slutt då Daniel var sist på ballen inne i fem-meteren. Nå fekk Suldal verkeleg blod på tann, temperamentet steig, viljen til å vinne var stor og det var berre det siste litle som mangla. Christer viste iskalde avsluttareigenskapar og sette ein ball mellom beina på keeper og i mål ca ti minutt før slutt. Dessverre vart han avblesen for offside. I eit forsøk på å motivere Christer vart trenaren beden om å gå på tribunen dei siste minutta. Tilropa var ikkje meint som dommarkritikk, heller ei oppildning til vidare innsats. Men referenten ser at det kunne tolkast sarkastisk mot dommaren og tok begge hattane med seg og tusla på tribunen med henda over hovudet.

Dei siste minutta pressa Suldal på for ei utlikning som aldri kom, om det var aldri så nære. Då opnar det seg sjølvsagt opp bak. Heimelaget burde ha gått opp til 4-2 på slutten, men kontringa sette angriparen utanfor på ope mål.

Det vart 3-2 til Vardeneset 2. Det har vore to jamne kampar med nerve og spenning, der me har trekt det lengste strået kvar vår gang. Skal me vinne kampar, må alle vere på sitt beste. Når me berre er det ein omgang, så blir det fort poengtap. Me får ta med oss ein god andreomgang til bortekampen mot Sviland neste helg.

Fakta:

Mål:

1 min: 1-0: Vardeneset 2

29 min: 2-0: Vardeneset 2

44 min: 3-0: Vardeneset 2

66 min: 3-1: Knut Foldøy

77 min: 3-2: Daniel Kristiansen

Gule kort:

Rene Adjemi, Tore Bendiksen Søraas, Christer Hansen og eitt (?) til Vardeneset 2.

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Tore Bendiksen Søraas

2 poeng: Daniel Kristiansen

1 poeng: Øystein Nærheim

Lag:

Ingve Berge – Dagfinn Nærheim, Tor Arne Sigstad, Rune Andre Laugaland, Øystein Nærheim -. Tore Bendiksen Søraas, Rene Adjemi – Erik Bård Bråtveit, Knut Foldøy, Halil Husic – Bjørn M. Steine

Innbyttarar: Daniel Kristiansen og Christer Hansen.


Nr 1 Nr 2 Nr 3 Nr 4 Nr 5 Nr 6 Nr 7 Nr 8 Total
Arild







0
Sten Arve







0
Petter







0
Odd Arne







0
Nils Ove







0
Kjell Atle







0
Jon Helge







0
Egil







0
Total 0 0 0 0 0 0 0 0 0