Christer har funne haustformen!

Laget som Suldal mønstra til denne utsette heimekampen mot Hjelmeland var ei fin blanding med unge spelarar i kombinasjon med rutinerte spelarar i alle ledd.

Tema i garderoben før kampen var fokus og aggressivitet. Me måtte for all del unngå å få mål imot som følgje av at me ikkje var skjerpa nok.

Heimelaget tok kommandoen frå starten og spesielt venstre sida med Jone Utbjo og Tommy Espe varta opp med aggressivt press og fine kombinasjonar.

Det var Christer Hansen som skulle opne målkontoen denne fine onsdagskvelden i Vikjo, fin vending på ca. 15 meter og på halv volley rett i mål.

Heimelaget forsette og pressa, Tommy Espe gjorde 2 – 0 på eit ikkje alt for hard skot som keeperen burde ha avverja.

Etter dette uteblei dei store sjansane i begge endar fram til ca. halvtimen var spela, då fekk Øyvind Gjuvsland to store sjansar samt at Christer hadde ein fin lobb som strauk like over tverrliggaren.

I slutten på omgangen fekk Hjelmeland sin første sjanse på sin venstrekant, skot frå kort hald var innom eit suldalsbein og keeper Erik W. Vold blei utmanøvrert, dermed stod det 2 – 1 i målprotokollen då laga gjekk til pausen.

Pausepraten bestod seg i at aggressiviteten måtte opp fleire hakk skulle dette gå vegen, samt at avstanden mellom ledda i laget måtte justerast.

Øystein Nærheim som kom inn i 2. omgang sette preg på kampen umiddelbart, Suldal fekk frispark ute på venstrekanten på høgd med 16 meteren, og  god bevegelse inne i felte gjorde at skote gjekk rett i mål og dermed stod det 3 – 1.

Etter dette var sigeren aldri trua, det som kom av sjansar var det Suldal som skapte, den største kom etter ca. 55 min. då innbyttar Rune Lovra hadde eit skot i tverrliggaren som hadde fortent ein betre skjebne. Nemnte Rune hadde eit godt innhopp, men måtte diverre ut etter kort tid grunna sting.

Alt i alt ein godt gjennomført kamp, ”stålkontroll” defensivt og tidvis fine kombinasjonar framover på banen.

Fakta:

Mål:

5 min. : 1 – 0, Christer Hansen.

15 min. : 2 – 0, Tommy Espe.

40 min. : 2 – 1, Hjelmeland.

50 min. : 3 – 1, Øystein Nærheim.

Vinjar Låjen sine poeng:

3 P.: Christer Hansen.

2 P.: Odd Å. Lunde.

1 P.: Jone Utbjoa

Lag:

Erik W. Vold – Dagfinn Nærheim, Tor O. Berge, Odd Å. Lunde, Nils. A. Moe – Geir S. Bratland, Tommy Espe, Dagfinn Havrevoll, Jone Utbjoa – Christer Hansen, Øyvind Gjuvsland

Innbytterar: Hans O. Brustveit, Øystein Nærheim, Ingve Berge, Rune Lovra