Forsand!

Også i denne kampen blei det nerver og spenning gjennom heile kampen, sjølv om det til slutt var fortent at det blei heimesiger.

Kampen gjekk uvanleg tidleg, sidan me denne dagen skulle ha kamp både for 1’er- og 2’er-laget. Dermed var det avspark kl 12 denne laurdagen. Dessutan måtte kampane gå på Eide stadion på Sand, sidan banen i Prestavikjo har sett bertre tider. Men matta på Sand var lett og fin, og haldt godt gjenn om begge kampane.

Det gjekk litt fram og tilbake dei første 20 minutta. Knut Foldøy hadde eit fint frispark som målvakta deira fekk slått over. Forsand hadde ein stor sjanse då ballen vart stussa like utanfor målet til Erik W. Vold. Og det var gjestene som skulle få det første målet. Det fekk dei då dei sette i gang ei kontring. Innlegget kom flatt inn på 5-meteren der Tor Arne Sigstad var uheldig og sette ballen i eige mål. Dermed måtte me til med opphenting igjen, noko me er indre Ryfylke-meistrar på!

Knut løyste av skot frå 20 meter som vart redda. Jone Utbjo brassesparka ballen i tverrliggjaren, og Øystein Nærheim prøvde og skotfoten utan hell i første omgang. Alle desse tre fekk poeng frå Vinjar Låjen i dag, og stod fram med stor innsats og kreativitet. Spesielt glimra Øystein då han endeleg fekk spele sentralt på midten. Spørs om han ikkje startar der i neste kamp…

Det vart ikkje utlikning før pause, men rett etter kvilen fekk me den. Halil Husic tok hjørnespark, det vart klabb og babb i feltet, og Rune Andre Laugaland fekk kjempa ballen i mål. Ei viktig utlikning. Like etter fekk Øystein ballen frå Knut og kunne føre oss opp i leiinga.

Den neste halvtimen vart det hard jobbing for å halde på leiinga, og helst auke den. Alle stod på for kvarandre, men halvsjansane til begge lag gav ikkje resultat verken den eine eller andre vegen. Det neste målet skulle ikkje komme på ein sjanse, men på konsentrasjons- eller kommunikasjonssvikt. Halil var nede i eige felt for å rydde opp. I staden for å klarere, prøvde han å spele ballen inn til Erik i mål. Tilbakespelet vart for svakt, Forsand plukka opp ballen og kunne enkelt setje inn utlikninga ti minutt før slutt. Me hadde gitt dei begge måla.

Heldigvis viste laget stor moral, og berre to minutt seinare gjekk me opp i leiinga igjen då Erik Bård Bråtveit plukke fram ei skråring frå øvste hylle. På 15 meter vende han, pirka ballen mellom beina på ein forsvarsspelar og hamra ballen i krysset. Eit kjempe mål!

Dei siste minutta vart svært nervepirrande, men det løyste seg til det beste då Øystein kaldt og roleg avgjorde på overtid med eit flott, kontrolert venstrebeinsskot som gjekk fint i boge over keeperen til Forsand. Viktige tre poeng i kampen om å komme høgast mogleg på tabellen i denne jamne pulja vår.

Siste kamp for 1’er-laget blir på laurdag borte mot suverene og alt opprykksklare Midtbygden på Tau. Det hadde nå vore kjekt å slått dei før dei tek vegen opp i 4. divisjon, men den kampen blir berre som ein sjanse til bonuspoeng for oss.

Fakta:

Mål:

19 min: 0-1: Sjølvmål

50 min: 1-1: Rune Andre Laugaland

52 min: 2-1: Øystein Nærheim

81 min: 2-2: Forsand

83 min: 3-2: Erik Bård Bråtveit

90 min: 4-2: Øystein Nærheim

Gule kort:

Rune Andre Laugaland og eitt til Forsand.

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Jone Utbjo

2 poeng: Øystein Nærheim

1 poeng: Knut Foldøy

Lag:

Erik W. Vold – Nils Arne Moe, Tor Arne Sigstad, Rune Andre Laugaland, Øystein Nærheim – Bjørn M. Steine, Knut Foldøy, Daniel Kristiansen, Halil Husic – Jone Utbjo, Erik Bård Bråtveit

Innbyttar: Dagfinn Nærheim