Suldal sitt 2’er-lag med base i byn, inviterte KFUM til den første heimekampen av året.

Nå har det seg slik at Suldal 2 spelar heimekampane sine på banen til laga dei møter i år, dermed var det på Ynglingen sin grusbane på Tjensvoll kampen gjekk.

Det er nokre år sidan suldølen har spelt 7’er-fotball, me er meir vane med å spre oss ut på ein stor bane. Derfor legg me oss litt høgt med spissen og breidt med vingane. Det tok ein omgang før ein fekk omrokert dette.

Men Suldal var godt med gjennom heile kampen og hadde fleire sjansar til å skåre. I første omgang var Ørjan Underbakke og Bjørn Vidvei nærast. Ørjan då han kom åleine med keeper, men ikkje hadde lang nok fot til å få kontroll, og Bjørn då han ikkje fekk skikkeleg klem på skotet sitt frå seks meter.

Måla i denne omgangen kom på eit godt skot der ballen vingla følt. Tore M. Steine, som stod i mål i første omgang, fekk dermed ikkje handa opp i tide. Det andre målet deira kom på eit fint gjennomspel.

I andre omgang kom Thomas Brustveit til ein superdupersjanse til å redusere. Tenk Tore Andre Flo ein meter framfor ope mål, berre endå nærare. Thomas stod omtrent på mållinja og greide på meisterleg vis å tuppe ballen langt over mål etter eit flott raid av Ørjan.

Måla i andre omgang kom etter straffespark. Først til Suldal, som Ørjan sette sikkert i mål, og litt før slutt eitt til KFUM.

Det vart tap, men denne kampen kunne Suldal 2 vunne med litt meir målteft.

Fakta:

Mål:

1-3: Ørjan Underbakke (str)

Lag:

Tore M. Steine (Audun Hilde i 2. omg) – Sindre M. Steine, Vidar Hilde – Bjørn Vidvei, Audun Hilde, Ørjan Underbakke – Thomas Brustveit