Laget mot Etne i nye, fine overtrekkstrøyer sponsa av Sparebank1 Sr-Bank og Møgedal Mek. Verkstad AS.

 

 

Andre kamp for sesongen var mot det som mest må kallast naboane våre i denne pulja, turen gjekk til Etne.

Ein oppløftande andre omgang i sist kamp gav oss ein god inngang til kampen, og etter at Ingve Berge hadde avvepna dei første forsøka frå Etne med to gode redningar, kom me fint inn i kampen.

Øyvind kjempa iherdig for å vinne kampen, medan Christer i bakgrunn skåra vårt første mål for sesongen.

Øyvind Gjuvsland var svært tend og jobba som ein helt med å presse eit noko usikkert heimeforsvar og ein keepervikar i heimemålet. Dødballar og kriging i feltet, langskot frå Jone Utbjoa med redning på strek, heading i eigen stolpe for heimelaget, hjørnespark som omtrent skrudde inn og skot utanfor. Det var noko av behaldninga frå eit hardt arbeidande suldalslag i første omgang. Men mål vart det ikkje.

 

Etne hadde sine sjansar heil i starten av omgangen, for dei starta med ein trippelkanonade, men roa seg etter kvart. Me augna håp om at dette kunne me greie. Men så er det nå slik at me ikkje får mål, medan andre lag er så fordømt effektive. Leiarmålet fekk dei etter 10 min då ein kar fekk stå åleine på 10 meter, og 2-0 kom på straffe rett før pause etter at dommaren bles for felling i feltet.

I pausen var me fast i trua på at me måtte få mål om me haldt fram arbeidet. Og heldigvis kom målet.

Jone nær mål på heading.

Midtvegs i andre omgang fekk Rune Lovra, som gjorde eit godt innhopp i dag, ballen på venstre kant. Han forserte innover, fekk gitt til Jone som sendte ballen vidare til Christer Hansen. At det var ein klokkereint treff han fekk er vel å ta litt i, men kontrollert ned i hjørnet for nå ballen og reduseringa var eit faktum.

 

Nå fekk me blod på tann og jaga utlikning. Nokre småsjansar fekk me, men dessverre aldri stor nok til at me greidde å få meir mål. Satsinga på offensivt mål gjekk nok ut over tryggleiken bakover, både fordi arbeidet tek på for midtbana, og fordi ein blir liggande høgt med forsvaret. Dette enda med at heimelaget kontra

Rune i eitt av fleire gode raid langs venstresida.

inn 3-1 i det 84. minutt, og sette punktum med ein flott korner med påfølgande heading til 4-1 godt på overtid.

Litt skuffande at me ikkje tek med oss eit poeng frå denne kampen, for det hadde me sjansen til. Ballen må i mål oftare, gutar! Neste sjanse er alt på måndag borte mot Ferkingstad. Første heimekamp blir på Eide laurdag den 14. mai mot Falkeid.

 

 

Fakta:

Mål:

Fina veret på benken

10 min: 1-0: Etne

43 min: 2-0: Etne

68 min: 2-1: Christer Hansen

84 min: 3-1: Etne

90 min: 4-1: Etne

 

Gule kort:

Ingen.

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Øyvind Gjuvsland

2 poeng: Ingve Berge

1 poeng: Rune Lovra

Lag:
Ingve Berge – Nils Arne Moe, Tor Olav Berge, Tor Arne Sigstad, Dagfinn Nærheim – Jone Utbjoa, Ørjan Underbakke, Jørn Våge, Christer Hansen, Tommy Espe – Øyvind Gjuvsland

Innbyttarar: Thomas Brustveit, Rune Lovra