Man of the Match: Jone

I den tredje kampen for sesongen, kom vår første siger i bortekampen mot Ferkingstad.

For dei som ikkje har heilt kontroll på geografien, held Ferkingstad til midt på vestsida av Karmøy, ein plass der det nok er over gjennomsnittleg blest. Eit taktisk val før kamp var om me skulle ha vinden med eller mot frå start. Me valde å spele mot vinden i første omgang, og kanskje var det eit lurt val. Banen var liten, og når den i tillegg hadde fått ein dusj med regn, så for ballen fort for heimelaget i vinden. Dei slo for langt, medan me fekk vinden til å bremse ballen og lettare traff medspelarane.

Debutant nr 1: Vegard Natland

Men det var nå likevel ingen finspelt kamp frå vår side. Det var kjemping og hardt arbeid som måtte til. Det har aldri Øyvind Gjuvsland tvilt på er rett medisin. Han går i kvar duell som om det skulle vere den siste. 14 minutt ut i omgangen tok han tre taklingar på rappen, får ballen til Jone Utbjoa som aleine med keeper roleg set ballen i mål. Herleg å gå opp i leiinga! Rett etterpå var det nære på reprise frå Øyvind og Jone, men det vart avblese for offside. Øyvind fekk seg midtvegs i omgangen ein smell i hovudet, og måtte ut. Han blei erstatta av debutanten i seriesamanheng Vegard Natland.

Om heimelaget sleit litt med å treffe kvarandre i medvinden, hadde dei i alle fall hjelp av medvinden då dei etter 23 minutt utlikna. Eit hjørnespark fekk god innsving, det velkjende klabbet og babbet oppstod i feltet, og vertane fekk sett ein ball i tverrliggjaren og i mål. Surt, for me skal få dei returane vekk!

Suldal viste trass utlikninga god moral, og etter halvtimen vart Tor Arne Sigstad felt inne i Ferkingstad sin målgard då han var framme på eit frispark. Store protestar frå heimelaget vart det, men Jone kunne til slutt gå fram og ta straffen. Første forsøk var godt, men keeper var raskt nede og redda. Jone var så kald frampå og sette returen i mål, og me var i leiinga igjen.

Rett etterpå kunne Jone fått seg eit hat-trick då Vegard spelte han gjennom, men åleine med keeper sette unge Utbjoa ballen på innsida av stanga.

Etter 41 minutt fekk me vårt tredje mål. Då var det Bjørn M. Steine som fekk ballen, han spelte inn til

Debutant nr 2: John Hermann Aas

Ingvald Halgunset som sendte vidare til Ørjan Underbakke. Han sendte i veg eit skot som han nok ikkje fekk rette klemmen på, men den kom borti ein forsvarar og fekk nok spinn på seg til at målvakta ikkje greidde å halde ballen fast i klypene sine. Ballen dabba derfor i mål, og me kunne gå til pause med tomålsleiing.

Me visste at skulle me vinne dette så måtte me gå ut og krige, for heimelaget var nok forbanna på både seg sjølv og kampleiaren til at dei hadde vinnarlyst. Og andre omgang blei ein kamp for å halde på leiinga. Me prøvde å gå utpå for å drepe kampen, underteikna la derfor om til 4-4-2 for å utnytte farta vår framme og få mål i medvinden. Eit sjansespel var det å ta, for det kunne føre til at me lot dei få spelerom på midten. Dette siste viste seg å bli fasiten, så me la etter kvart om til 4-5-1 igjen.

Reduseringa deira kom før me la om, men det var ikkje grunnen til at dei fekk målet. For målet kom nok ein gang på at me ikkje klarer å klarere ein dødball ut frå feltet vårt. Dei fekk innkast, returen kom ut til ein motspelar på 18 meter. Han sette ballen greit i mål.

Så vart det verkeleg temperatur. Heimelaget hadde ein stor sjanse til å utlikne då dei kom gjennom på vår høgreside. Ballførar vart felt, men dei hadde ein stor fordel som dommaren bles av. Rett etterpå fekk dei eit mål annulert for offside. I tillegg til dette gjekk ein av spelarane deira utruleg nok til angrep på Jørn Våge etter at vår eigen Jone hadde rent Jørn ned. Styret enda til slutt med at ein på sidelinja til Ferkingstad vart vist vekk frå banen etter ei valdsom skyllebøtte mot dommaren.

Etter dette vart det rolegare stemning, og ein knallhard jobb for å halde heimelaget borte frå utlikning. Stor innsats frå samtlege gjorde at me greidde det, og i tillegg kom til nokre sjansar til å skåre. Ørjan hadde eit godt langskot, Nils Arne Moe var nære på ein retur, og den andre debutanten for dagen, John Hermann Aas, fekk og prøvd den gode skotfoten sin.

Då dommaren 6 minutt på overtid endeleg bles av, var det ein glad og letta gjeng som kunne feire tre bortepoeng. Det er ikkje kvardagskost. Og om det var temperatur under kampen, så var det fin tone spelarane mellom etter kampslutt.

Nå ventar første heimekamp mot Falkeid på Eide laurdag 14. mai kl 14.45.

NB: Me la litt merke til den eine spissen til Ferkingstad, han hadde liksom noko ekstra i rørslene sine. Far og son Berge fann etter kvart ut at dette var ein spelar med høgare meritter enn 5. divisjon. Namnet er Rune Warholm og spelte i 1997 kvalifisering til Champions League for det finske laget MyPa!

Fakta:

Mål:

14 min: 0-1: Jone Utbjoa

23 min: 1-1: Ferkingstad

31 min: 1-2: Jone Utbjoa

41 min: 1-3: Ørjan Underbakke

59 min: 2-3: Ferkingstad

Gule kort:

Jørn Våge, Jone Utbjoa og to til Ferkingstad.

Raudt kort:

Spelar på sidelinja til Ferkingstad

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Jone Utbjoa

2 poeng: Tor Arne Sigstad

1 poeng: Dagfinn Nærheim

Lag:

Ingve Berge – Nils Arne Moe, Tor Olav Berge, Tor Arne Sigstad, Dagfinn Nærheim – Jone Utbjoa, Ørjan Underbakke, Jørn Våge, Ingvald Halgunset, Bjørn M. Steine – Øyvind Gjuvsland

Innbyttarar: Vegard Natlad, John Hermann Aas