Det vart stortap mot serieleiaren i første heimekampen for sesongen.

Falkeid var rett og slett eit par nummer for gode for oss, og det var fortent at sigeren deira blei så stor som den blei.

Første målet fekk dei alt etter eitt minutt då dei kom gjennom forsvaret vårt med fire mann og ein av dei løfta ballen elegant over Ingve Berge i mål. Hadde det ikkje vore for fleire flotte redningar av Ingve utover omgangen, kunne det vorte endå styggare siffer. Sjølv hadde me kun ein sjanse gjennom heile kampen då Rune Andre Laugaland på volley skaut i nettveggen.

To mål rett før pause gjorde at det det litle håpet me hadde på stillinga 2-0 forsvann. Dermed vart andre omgang ei tøff økt for ungdommane våre i det øsande regnet. Det vart ikkje betre av at me fekk Jørn Våge utvist for to seine taklingar.

Falkeid var raskare, sterkare, meir presise og ville mykje meir enn oss i dag, og fleire av måla deira var rett og slett nokre perler. Dei leiar nå tabellen med fire sigrar av fire moglege, med neste motstandar Vedavåg/Karmøy 2 to poeng bak. Det ser ut til at desse to laga skil seg ut i toppen, medan det er jamt blant resten av laga så langt.

Fakta:

Mål:

8 av Falkeid.

Kort:

Raudt til Jørn Våge (to gule)

Vinjar Låjen sine poeng:
3 poeng: Nils Arne Moe

2 poeng: Dagfinn Nærheim

1 poeng: Tor Arne Sigstad

Lag:
Ingve Berge – Nils Arne Moe, Tor Olav Berge, Tor Arne Sigstad, Dagfinn NærheimJone Utbjoa, Ørjan Underbakke, Rune Andre Laugaland, Rene Adjemi, Bjørn M. Steine – Christer Hansen

Innbyttarar: Jørn Våge, John Hermann Aas, Ingvald Halgunset, Thomas Brustveit