Dette må ein vel kunne kalle eit ran! At stillinga kan bli 1-2 når sjansestatistikken er minst 8-2, er vanskeleg å fatte.

V/K 2 er eigentleg eit topplag i divisjonen, og i utgangspunktet ville det vore vanskeleg å slå dei når me manglar så mange rutinerte som me i dag gjorde. Men brullaup på Karmøy og mange skader der og, gjorde at det absolutt var overkommeleg motstand for oss i dag.

Det viste seg frå starten. Den unge midtbanen og angrepet vårt tok tak, vann duellar og våga å spele fin fotball. Dei første minutta var det me som hadde ballen, men etter åtte minutt glapp det, spissen deira smatt igjennom forsvaret vårt og sette ballen lett i mål. Kalddusj, sidan me følte me hadde fått kampen i våre hender.

Suldal lot seg heldigvis ikkje stresse av dette, og anført av ungdommane på midten tok me berre meir og meir over spelet. Ingvald Haugvalstad fylte 15 år dagen

2 poeng på børsen: Ingvald

før kamp, og var nok yngstemann på banen. Slik såg det ikkje ut. Med flott overblikk, tøffe duellar og godt steg tok han saman med Ørjan Underbakke over midtbanen. Ørjan var og skikkeleg tent i dag og viste kva som bur i han. Vingane Bjørn M. Steine og Jone Utbjoa brilierte til tider på kantane, og framme var Christer Hansen og Vegard Natland stadig ein trussel. Snittalderen på dei seks spelarane fremst på banen var godt under 20 år.

Utlikninga vår kom då Bjørn leika seg nedover sida og innover langs dødlina. Etter å ha lurt ein god del motspelarar, la han hardt inn framfor mål. Her pressa Vegard ein forsvarar såpass at V/K-spelaren sette ballen i eige mål. Ei fortent skåring.

Utover omgangen kom fleire av spelarane våre til store sjansar. Vegard skaut utanfor og  Jone sette ballen rett på keeper. Ingvald sette og ballen i keeper sine nevar etter eit flott angrep. 17-åringen Dagfinn Nærheim på back slo ein flott krossar over til Jone. Han heada Ingvald gjennom, og dette hadde fortent utteljing. Dagfinn kom og på flott overlapp saman med Bjørn, la inn til Vegard som ikkje fekk headinga i mål.

1 poeng på børsen: Ørjan

Ein flott omgang av Suldal, dessverre utan den utteljinga ein bør ha når ein dominerer såpass som me gjorde. I pausen måtte me passe på at spelarane ikkje var for nøgde med prestasjonen i første omgang slik at dei trudde den andre skulle gå av seg sjølv.

Og andre omgang starta med eit skikkeleg overtak til heimelaget. Jone hadde på kort tid tre avslutningar som gjekk rett til venstre side for motstandarmålet. Nokon får flytte det målet litt til neste kamp. At me ikkje gjekk opp i leiinga, er vanskeleg å forstå. Jone hadde og eit innlegg  som ein V/K-spelar beina rett over eige mål. I denne perioden hadde og Bjørn eit skot som gjekk utanfor.

Så er nå fotballen ein gang slik, at får ein ikkje mål på sjansane sine så blir det mål imot. Gjestene hadde ein spiss som knapt nok var i ballen i heile kampen, men sjølvsagt skåra han to mål. Då har han gjort jobben sin. VK2 kontra, kom for lett gjennom på si høgreside, ballen enda til slutt på motsett stolpe der spissen deia enkelt kunne setje ballen i mål til borteleiing halvvegs ut i andre omgang.

Suldal haldt fram med å presse, men ikkje fullt så ivrig som tidlegare i kampen. Likevel kom me framleis til sjansar. Kaptein for dagen, Tor Olav Berge, slo eit

Bestemann, berre målet mangla: Jone

innlegg som dabba oppå tverrliggjaren, Ingvald bomma då han berre skulle setje ballen i mål frå tre meter, og superinnbyttar og veteran Simmen Bratland ofra helsa då han sette eit brassespark like utanfor mål.

Det ville seg altså ikkje i dag. Flott innsats av alle mann, ein god del fint spel. Det var kjekt å sjå denne kampen, men det blir endå kjekkare når me greier å setje ballen i mål!

PS: I dag hadde me tre brødrepar på banen, brørne Madland Steine, Berge og Nærheim.

Fakta:

Mål:

8 min: 0-1: V/K 2

25 min: 1-1: Sjølvmål

67 min: 1-2 V/K 2

Gult kort:

Eitt til V/K 2

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Jone Utbjoa

2 poeng: Ingvald Halgunset

1 poeng: Ørjan Underbakke

Lag:

Ingve Berge – Tor Olav Berge, Tor Arne Sigstad, Ådne Nærheim, Dagfinn Nærheim – Jone Utbjoa, Ørjan Underbakke, Ingvald Halgunset, Bjørn M. Steine – Christer Hansen, Vegard Natland

Innbyttarar: Rune Lovra, Sindre M. Steine, Simmen Bratland.