Årets første bortepoeng for 16-årslaget kom mot Nord, som held til på fastlands-Karmøy.  Etter mildt sagt rufsete ver dei siste dagane var me innstilte på både harde vindkast og bøttevis med regn under kampen tysdag kveld. Det hølja ned under turen utover, men vel framme på Nord sin kunstgrasbane så skein utruleg nok sola. Noko den fortsette med under heile kampen.

Dette såg imidlertid ikkje ut til å inspirere Suldal i nevneverdig grad. Nord starta kampen klart best medan Suldal var ubesuttsomme i taklingane og unøyaktige i pasningsspelet. Dette førte til at Nord fekk trille ball og flytte opp laget, medan Suldal heile tida vart jagande etter. Både etter 10 og 12 min har Nord store sjansar til å score og Suldal er heldige som ikkje ligg under.

Men fotball handlar først og fremst om å få ballen i mål. Og i løpet av ein 5-minuttars periode midt i omgangen viser Suldal eksempel på effektivitet. Steffen Øigjord krigar til seg ballen på midtbanen, leverer ballen til Ingvald Sandvik Halgunset som sender Vegard Natland i fri bane mot mål med ein fin stikkball. Åleine med keeper er Vegard sikker. 1-0 til Suldal sjølv om laget spelemessig er langt under pari.

Vegard sørga for begge måla mot Nord

5 minutt seinare kjem ein reprise: Suldal vinn ballen på midten medan Nord står høgt med forsvaret. Linken mellom Ingvald og Vegard er framleis intakt, og igjen er Vegard åleine gjennom: 2-0!

Etter måla kjem Suldal meir med i spelet. Dessverre må midtstoppar John Herman Ås må ut etter ein kraftig samanstøyt, slik at Johannes Wigestrand må trekkast ned frå si midtbanerolle.  Nord nyttar sjansen til å trykke ekstra på i denne perioden, og etter 32 min får dei løn for strevet. Ei serie med svake klareringar frå Suldal gjer at Nord kan redusere etter eit skot frå kort hald. To minutt seinare gjentek det same seg: Nord får lov til å spele kortpasningsspel inne i vårt målområde og scorar sikkert.

Resten av omgangen er det Nord som styrer det meste, og Suldal kan vere mest nøgde med å gå til pause med uavgjort.

I andre omgang er Suldal mykje meir med. Det er god jobbing i alle ledd ,og i lange periodar er det Suldal som styrer kampen. Forsvaret er meir kontante, midtbanen vinn duellane og me får fleire fine angrep. Både Hallvard Erfjord og Vegard har sjansar til å avgjere kampen til vår fordel, medan Nord har lite å by på i 2. omgang. Det hadde derfor ikkje vore heilt ufortent om Suldal hadde tatt med seg alle 3 poenga, men uavgjort er nok rettferdig kampen sett under ett.

Målsettinga om å spele 2 gode omgangar vart heller ikkje denne gongen nådd, men me tek med oss effektiviteten i 1. omgang og det gode spelet etter pausen.

Mål:

0-1  20 min: Vegard Natland

0-2  25 min Vegard Natland

1-2 32 min  Nord

2-2 35 min  Nord

Lag: Lag: Patrick Weerstand, Stian Jelsa, Pål Erik Jelsa Landsnes, John Herman Ås, Lars Lavalette, Christian Smithson, Ingvald Sandvik Halgunset, Johannes Wigestrand, Lars Hebnes,  Steffen Øigjord  Vegard Natland

Innbyttarar: TerjeÅsland Nevøy, Hallvard Erfjord, Njål Håranes Eide, Lars Kristian Bakka