Etter tidenes opphenting gjekk me på nok et surt tap mot Madla3. Får lagleder Vidar Hilde sparken etter 4 strake tap????:)

Me starta 1. omgang litt usikkert, Madla satsa på lange baller fram mot målet vårt, og me blei springande litt imellom og fekk ikkje heilt tak på kampen.
Som vanlig slapp me inn 3 kjappe og altfor enkle mål, Ørjan vant loddtrekningen om keeperplassen i 1.omgang og hadde ikkje nokon heldig dag i buret.

Etterkvart klarte me å spela ballen langs bakken og begynne opphentinga, Thomas spelte fri Sigurd som avslutta på keeper, på returen kom ein madla-spiller og skaut ballen i mål, takk for det!
Me slapp inn 1 mål til før pause, ein stor madla spiller klarte å heade inn eit mål på hjørnespark. Det var synd, men me var med godt mot i pausen og var enige om at me kunne bedre en dette.

Og jammen var me det… Me starta 2. omgang med høgt tempo og høgt press, Madla fortsatte med å slå

Sigurd Slåtto, bestemann og klar for Suldal!

lange baller mot målet vårt, men Terje og Thomas klarerte gang på gang og satte opp fint spel framover. Audun gjekk inn som keeper i 2. omgang etter ein god 1. omgang ute på banen og gjorde ein meget solid og trygg jobb i målet vårt. Sindre var god framover som møtande spiss og kom til mange sjanser, til slutt fekk me uttelling når Vidar Ritland satte ballen sikkert i mål og opphentinga var igang!
Sigurd som debuterte som Suldalsspiller i denne kampen var god på venstre sida og kom til mange gode muligheter.
Me pressa Madla bra og Sindre klarte pirke ballen i mål etter litt klabb og babb, deretter var det Thomas sin tur til å sette inn 4-4 målet.
Stemningen var veldig god og heile laget jobba som heltar, me prøvde å pressa inn eit vinnarmål, men ikkje lett på ein veldig kort bane der det blei veldig tett med motspelarar foran Madla sitt mål.

Rett før slutt fekk Madla eit frispark 10 meter foran vårt mål etter ein duell på eit langt utkast frå deira keeper. Dei gjekk for skudd, men Audun var mesterlig nede på streken raskare enn ein potetsekk og redda, desverre blei det ein retur som gjekk til ein umarkert Madla-spiller som satte ballen enkelt i mål.
Det var noko av det siste som skjedde i kampen og me følte at me hadde fortjent mye bedre etter veldig bra spel i 2. omgang.

Alt i alt ein god kamp av oss og me ser fram mot kamp og vinnermuligheter mot Hundvåg 3 på fredag og Buøy 3 på mandag.

Fakta:

Mål:

1. Omg: Madla, Madla, Madla, Sjølvmål av Madla, Madla.
2. Omg: Vidar Ritland, Sindre M Steine, Thomas Brustveit, Madla

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Sigurd Slåtto
2 poeng: Sindre M Steine
1 poeng: Thomas Brustveit

Lag:

Lag: Vidar Hilde, Audun Hilde, Thomas Brustveit, Vidar Ritland, Sindre Steine, Terje Gjuvsland, Ørjan Underbakke, Sigurd Slåtto, Bjørn Vidvei