Etter siger i sist kamp, var det eit suldalslag med låge skuldre som entra minibanen på Humpen.

Buøy 3 ligg i toppen av tabellen, men det såg ikkje ut til å vere stor forskjell på laga i første omgang. Det var den mannsterke troppen til Suldal som beit best frå seg utover i omgangen. Sindre M. Steine var i storslaget framover på banen, mens Inge Lunde stod som ein vegg i målet. Banen var lite, og det var tett mellom sjansane. Sindre hadde tre store sjansar som det ikkje vart mål på, så han tenkte vel likegodt at nokon andre kunne prøve å avslutte. Han såg bestemann frå forrige kamp Bjørn Vidvei komme i fullt firsprang på høgrekanten. Bjørn skaut i steget og inn for ballen til leiing.

Mannsterkt på benken i dag.

Resten av omgangen fulgte laga kvarandre, Suldal skåra først og Buøy 3 utlikna. Samtlege av måla til Suldal var Sindre enten sist eller nest sist på. 2-1 skåra han sjølv då han skaut frå distanse og ballen stussa inn på det blaute kunstgraset. 3-2 kom då han sentra til storebror Bjørn M. Steine som sette ballen i mål frå kort hald. 4-3 var og eit samarbeid mellom brødrene Steine, Sindre la opp og Bjørn avslutta.

Eit fint pauseresultat for oss, for me hadde fått betalt for til tider flott spel. Store deler av omgangen spelte me som om det var Barcelona. Ballen gjekk kjapt mellom spelarane, og Buøy 3 vart til tider ganske så frustrerte. Men dei greidde dessverre å halde følgje.

Andre omgang starta og bra for oss. Me fekk to-målsleiinga tidleg då Audun Hilde spelte gjennom Sindre

Denne gang hadde me heimebane på Humpen hos Buøy. Sigurd høgt og klarerer på korner.

til 5-3. Bak hadde Inge mange gode redningar, og det såg lyst ut. Men så vakna vinnarvilja hos Buøy. Dei ville vinne meir enn oss, og brukte både fair og unfair midler for å få til det. Dei fekk fleire mål på fint og effektivt spel, men dei hadde og eit par spelarar som takla med knotane først i høg legghøgde. Det resulterte i både gule og eit raudt kort.

Når øyfolket sette inn støtet, hang ikkje me med lenger. Me vart ukonsentrerte og greidde ikkje presse og jage slik me gjorde i første omgang. Så sjølv om me spelte 10 minutt med ein spelar meir, var det dei som fekk det siste målet og avgjorde kampen.

Første omgang var altså bra, men i andre omgang gjekk motstandaren frå 3-5 til 8-5. Me kan vel snakke om ein slags sprekk der, altså…

Fakta:

Mål:

1-0: Bjørn Vidvei

2-1: Sindre M. Steine

Haugil-moten held seg endå! Kortbukse utanpå joggebukse er av ein eller annan grunn ein evig slager på Halvøynå.

3-2: Bjørn M. Steine

4-3: Bjørn M. Steine

5-3: Sindre M. Steine

Kort:

Eitt raudt (to gule) og to gule til BUøy 3

Vinjar Låjen sine poeng:
3 poeng: Sindre M. Steine

2 poeng: Inge Lunde

1 poeng: Bjørn M. Steine

Lag:

Inge Lunde – Vidar Hilde, Thomas Brustveit, Bjørn Vidvei, Sigurd Slåtto, Vidar Ritland, Sindre M. Steine, Bjørn M. Steine, Tor Hallvard Aarhus, Audun Hilde, Terje Gjuvsland