Heimekamp i fin kveldssol på ein våt og tung bane på Eide tysdag. Og som resultatet viser vart det ingen stor og minneverdig kamp av heimelaget. Åkra hadde som Suldal svinga i prestasjonane tidlegare i sesongen og låg forankra midt på tabellen. Og denne tysdagskvelden stilte dei bare med 12 spelarar, så poeng burde vere innan rekkevidde i denne kampen, meinte me.

Men som så ofte før er det vanskeleg å spå korleis ein kamp vil utvikle seg. Og det vart tidleg klart at heller ikkje dette var Suldal sin kamp. 0-1 kjem etter 3 min då Åkra headar ein corner frå venstre kontant i nettet etter svake markeringar frå suldalsgutane. Suldal kjem ikkje skikkeleg i gang med kampen, feilpasningane florerer og me mister ballen gong på gong. Åkra har kontroll, og Suldal er heldige som ikkje slepp inn fleire mål i første halvdel av omgangen.

 Men etter litt over 20 min må Johanns Wigestrand ut av banen med skade etter ei stempling. Fram til då hadde han gjort ein god og viktig kamp defensivt på midtbanen, og stoppa mange av Åkra sin gjennomspel Han gjekk føre som eit godt eksempel for meir passive medspelarar og trødde skikkeleg til. Kort etter at han forlet banen spelar Åkra seg lett gjennom Suldal sin midtbane og scorar enkelt. Etter 25 min får Åkra straffe etter at keeper Patrick Weerstand feller ein Åkra-spelar i feltet. Og etter 30 min står det 0-4 etter at Åkra nok ein gong spelar seg enkelt gjennom vår midtbane medan Suldal er passive og ikkje kjem oppi motspelarane. Mot slutten av omgangen får Suldal til nokre gode angrep og både både Hallvard Erfjord og Christian Smithson er nær ved å sette ballen i mål.

Dagens Suldalsgut: Johannes Wigestrand. God jobb på midtbanen

 

I andre omgang kjem spelet til Suldal seg noko. Lars Kristian Bakka kom inn og gjorde ein god figur som keeper. Innsatsen til laget var betre og resulterer i målsjansar. Likevel er det Åkra som scorar både 0-5 og 0-6 før kampen ebbar ut. Alt i alt ein kamp Suldal ikkje fekk vist sitt beste. Me får skulde på Coopertesten på skulen tidlegare på dagen!  Ikkje så mykje positivt å melda om i dag med andre ord. Men me har ikkje mista trua og kjem sterkare igjen!

Lag: Patrick Weerstand, Lars Lavalette, Pål Erik Landsnes, John Herman Ås, Håkon Vanvik, Christian Smithson, Ingvald Sandvik Halgunset, Johannes Wigestrand, Terje Åsland Nevøy, Hallvard Erfjord, Vegard Natland.

Innbyttarar: Lars Kristian Bakka, Karl Georg Erfjord, Lars Hebnes, Stian Jelsa, Gunnar Klungtveit, Njål Håranes Eide