Kampen mot Sveio var siste heimakamp før sommarferien. Dette vart ein kamp der ballen ikkje ville i mål.

Suldal leverte ein god kamp, og det var Ådne Jordebrekk Fermann som scora det første målet. Rapportane frå Erfjord Stadion seier at Suldal eigde kampen, og at Suldal burde ha vunne. Spelet var til tider kjempebra, og det vart produsert mange sjansar. Men så var det å få ballen i mål…. Sveio utlikna til 1-1. Etter dette tok Sveio leiinga med eit uheldig sjølvmål av Suldal.

Kjartan Natland redda 1 poeng for Suldal med å setja inn 2-2 målet. Troppen til G13-laget ser ut til å vere god. Til denne kampen var det fleire spelarar som var ute på grunn av skade. Då er det godt å sjå at dei andre tek tak, og spelar god fotball!

Siste kamp før ferien er borte mot Odda fredag 17. juni. Då er det berre for supportarane å møta opp.