Bestemann i dag: Terje

Ein mannsterk tropp møtte opp til kamp i strålande ver på det flotte idrettsanlegget til Vardenes.

Troppen var på 12 mann, så det skulle – eller burde – ikkje stå på innsatsen i dag.

Og Suldal starta kampen svært så bra. Det var me som hadde ballen, spelet og sjansane i byrjinga. Nokre halvsjansar fekk me, og Sindre M. Steine hadde to store sjansar til å føre oss opp i leiinga. Dessverre gjekk eine avslutninga i stolpen og den andre rett på keeper. Det var likevel kjekt å sjå spelet vårt i denne omgangen.

Det var derfor mot spelet sin gang at Vardeneset 3 leia 2-0 til pause. Begge måla kom då dei fekk avslutte frå hjørna av straffefeltet, og begge måla lurte seg inn på næraste stolpe. Jon «Silå» Bråtveit i mål var ikkje ven med stolpane sine i denne kampen.  Måla i 1. omgang var i grunn sleivspark frå motstandarane, men i mål skulle visst ballen likevel. Det er nok lett å sjå frå sidelinja om ein keeper er vane med å stå i mål eller ikkje…

I pausen syntes me at me hadde spelt godt, og at det var skitt med baklengsmåla. Bråtveit baud andre på keeperhanskane, men då kikka resten både ned, opp og bort. Me vart einige om å gå ut slik me starta i 1. omgang.

2. omgang starta som den første, men press frå Suldal. Resultatet vart redusering til 2-1 då Sigurd Slåtto gjekk i angrep. Han vart felt, men den eminente dommaren for dagen Jørn Våge såg at Suldal hadde fordel og lot spelet gå. Bjørn M. Steine gjekk på tvers på 7 meteren og sendte i veg eit skot. Audun Hilde sprang i vegen for motstandaren sin keeper, og ballen trilla fint inn i nettmaskene via ein motspelar. Nå var det håp!

Men det varte ikkje lenge. Heimelaget skjerpa seg, sprang meir og pressa høgare. Dette gjorde at me både vart usikre og mista ballen i farlege posisjonar. Tryggleiken me viste i første omgang forsvann brått. Vardeneste utnytta dette, samt Jon sitt uvennskap med treverket, og sette kjapt to mål til inn ved nærmaste stolpe.

Mot slutten fekk motstandarane gjere mykje som dei ville, dei kontra med mange folk og stod høgt. Nokre ganger kom dei gjennom, og då vart det frispark i farlege posisjonar. Til slutt fekk dei eit siste mål, denne gang ved lengste stolpe.

Dermed enda ein lovande start i ei begredeleg avslutning. Det ser ut til at det må bli meir intervall til neste vinter, karar! Men det er kjekt at me er såpass mange som stiller til trening og kamp, og me har framleis fleire å ta av. Dessverre er me sårbare på keeperplass når den faste målvakta vår Inge Lunde er oppteken. Kanskje Bo Andersen i Sandnes/Ulf kan vere interessert, 7’er-fotball er vel snart det einaste han ikkje har spelt i norsk divisjonsfotball…

Fakta:

Mål:

1-0, 2-0, 3-1, 4-1. 5-1: Vardeneset 3

2-1: Sjølvmål

Kort:

Ingen

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Terje Gjuvsland

2 poeng: Sindre M. Steine

1 poeng: Sigurd Slåtto

Lag:

Jon Bråtveit – Vidar Hilde, Terje Gjuvsland, Bjørn Vidvei, Sigurd Slåtto, Audun Hilde, Sindre M. Steine, Tore M. Steine, Bjørn M. Steine, Rene Adjemi, Ørjan Underbakke, Vidar Ritland