Det vart eit knepent tap i Haugesund for eit Haugarlag med FKH-keeper Per Morten Kristiansen som trenar. Det mangla ikkje mykje på at poenga denne gongen hadde blitt med heim til Suldal etter ein velspelt og spennande kamp.

Etter nokre svake kampar der laget ikkje har fått vist kva dei kan, var alle i dag innstilt på å yte sitt beste. Det vart før kampen fokusert på at innsatsen måtte vere på topp både i duellar og løp, og at alle måtte jobbe hardt utan ball for å gi ballførar gode pasningsalternativ.

Dei første minutta var Suldal på hogget og tok tak i kampen. Alle trødde til i duellane og pasningane kom fram dit dei skulle. Men det neste kvarteret var det tilbake til gamle synder: Me er på etterskudd, slurver med avleveringane og får ikkje klarert skikkeleg. Det fører til at Haugar tek over det meste. 1-0 til Haugar kjem ved at dei tråklar seg gjennom heile forsvaret vårt utan at nokon suldalsspelarar får sett inn ei takling. Og i denne perioden er me heldige som ikkje slepp inn fleire mål. Haugar har 3-4 feite sjansar til å auke leiinga.

Dagens Suldalsgut Steffen Øigjord banka inn mål nr 2

 

Men i andre halvdel av omgangen vaknar Suldal til liv igjen. Det er tydeleg at Steffen Øigjord på høgrekanten har ein god dag. Han utfordrar og passerer motspelarar så det er ein fryd å sjå. Resten av laget hever seg og, og etter 32 min kjem utlikninga etter eit praktangrep av Suldal: Ingvald  Halgunset vinn ballen på midten og spelar fram Terje Nevøy på venstrekanten. Han finn Vegard Natland som er på full fart mot dødlinja. Vegard sender ballen inn framfor mål der Lars Hebnes kjem i fullt firsprang og banker ballen i nettaket. Excellent! Resten av omgangen er det Suldal som har grepet om kampen.

Lars Hebnes scora etter eit praktangrep av Suldal

 

Andre omgang er noko av det beste me har sett av Suldalslaget i år. Ballen går kjapt frå spelar til spelar, og angrep etter angrep vert rulla opp, både langs kantane og gjennom midtbanen. Spelarane tek seg tid med ballen og alle bidreg både med og utan ball. Etter 55 min  kjem Vegard åleine med keeper, men skyt like utanfor. Gong etter gong vert det farleg framfor Haugar sin keeper når det er gått 60 min er det mest ufatteleg at Suldal ikkje tek leiinga etter ein trippelsjanse der ballen både vert redda på streken og smell i tverrliggaren og ned før Haugar får avverga. Like etter er Vegard frampå igjen, og denne gongen er det hans tur til å treffe treverket. Det einaste negative som kan seiast om denne perioden  er at ballen ikkje vil i mål!

Og det er då Haugar viser seg effektive: I to kjappe kontringar utnyttar dei at Suldal står høgt og presser på for å få mål. Me heng ikkje med og plutseleg står det 3-1 til Haugar. Det positive er at Suldal ikkje let seg affisere av kalddusjen. Laget mel på vidare og får løn for strevet 2 min før slutt då dagens bestemann Steffen Øigjord får skikkleg treff med høgreslegga og lager kremmarhus av Haugarmålet. Dermed vert avslutninga på kampen endå meir forrykande og Suldal får sin gylne sjanse til å utlikne på overtid då Hallvard Erfjord får ballen i god posisjon. Uheldigvis sprett ballen ikkje Suldal sin veg og sjansen til poeng renn ut i sanden. Dermed vart det eit nytt tap, men måten kampen vart gjennomført på gjorde at heile laget likevel sat att med ei god kjensle av å ha gjort ein flott prestasjon. Bra jobba gutar!

Siste kamp i våresesongen går på Jelsa stadion onsdag 15 mai.

Mål:

7 min.   1-0   Haugar

32 min  1-1   Lars Hebnes

70 min   2-1  Haugar

73 min   3-1  Haugar

78 min   3-2  Steffen Øigjord

Lag: Patrick Weerstand, Lars Lavalette, Pål Erik Landsnes, John Herman Ås, Gunnar Klungtveit, Steffen Øigjord, Ingvald Sandvik Halgunset, Johannes Wigestrand, Terje Åsland Nevøy, Lars  Hebnes, Vegard Natland.

Innbyttarar: Karl Georg Erfjord, Stian Jelsa, Karl Georg Erfjord