Lengste reisa for 2’er-laget vår i år er til Orre. Det er nokre år sidan a-laget var her, og det vart eit gledeleg gjensyn.

Som vanleg vart det mål i mot i starten, kampen var ikkje meir enn 3 minutt gammal då ein jærbu kom upressa mot mål og enkelt kunne setje ballen i mål.

Terje er avløysar og likar seg godt på Jæren. Bestemann i dag og.

Men ein annan god vane for Suldal 2 dei siste kampane har vore at me spelar bra og vågar å halde på ballen. Det gjorde me i dag og. Det skulle forresten berre mangle, for dette var ein flott bane å spele på. Flott, grøn og jamn grasbane er ikkje kvardagskost.

Innspirert frå lukta av naturgras og naturgjødsel trødde by-spelarane til og viste frå kva miljø dei har røtene sine. Spesielt yr var sjefsavløysaren vår Terje Gjuvsland. Han viste muskler, taklingsstyrke, ansvar og kontroll i forsvar og fekk laget med seg til å jaga kvar ein ball.

Det tok ikkje meir enn sju minutt før utlikninga var i boks. Sindre M. Steine fekk tak i ballen, brukte kraftkroppen til å halde vekke motstandarane, spelte vegg med Audun Hilde rett framfor keeper og sette ballen i mål.

Første omgang var ganske jamnspelt; begge lag hadde sjansar til mål – og Suldal hadde ballen mest.

Rene ser ut til å vere på veg til gammalt storslag.

Mål blei det likevel ikkje til nokon av laga. Når Orre var frampå, stod Tore M. Steine i vegen og slo med anna ei heading lynkjapt over mål. I andre enden hadde me fleire sjansar. Sigurd Slåtto og Sindre finn kvarandre rett som det er med stikkarar, men ballen vil ikkje i mål.

Så langt alt vel, slik det har vore i fleire av dei siste 7’er-kampane. Me spelar godt i første omgang og er det førande laget. Problema har dukka opp i andre omgang. Nå var det om å gjere å halde ut og stå løpet ut.

Det var det tydeleg at me hadde tenkt å gjere idag. Samtlege jobba så hardt og lenge dei orka, og med løpande bytte var det berre til å bytte ut og inn.

Eit superinnbytte kom då Sindre fekk seg ein smell i kne ti minutt inn i andre omgang. Sigurd kom innpå og sette ballen like godt rett i mål då han kom på kanten og plasserte kula i nettet til leiing.

Denne leiinga kunne fort Orre ha øydelagt då dei hadde ein kjempesjanse som dei bomma på. Heldigvis vart det ikkje utlikning, og etter kvart tok me meir og meir over. Sigurd hadde to store sjansar til å auke leiinga på gjennomløp. Eit av gjennomløpa vart stoppa av ein noko tvilsam takling, men dommaren som elles var svært god lot spelet gå.

Ørjan styrte godt på midten.

Men det er ikkje alltid det treng å vere så vanskeleg og avansert å få den ballen i mål. Tre minutt før slutt vann ein hardtkjempande Rene Adjemi ballen på eigen halvdel. Han slo langt opp på Sindre som på veg vekk frå mål såvidt flikka ballen forbi ein sjanselaus keeper. Skulle me verkeleg dra sigeren i land?

Orre slo tilbake og hadde like etterpå eit knallskot. Audun Hilde var keeper i andre omgang, og han fekk såvidt handa på ballen slik at det for i tverrliggjaren og over.

Me kunne fort ha fått nok eit mål i sluttminutta då Rene kontra og slo inn på femmeteren. Der kom Vidar Ritland berre litt for seint til å setje spikaren i kista. Det haldt likevel heilt ut, og vegen heim vart lett og fin med tre poeng i bagasjen etter flott laginnsats.

Fakta:

Mål:

3 min: 1-0: Orre 2

7 min: 1-1: Sindre M. Steine

40 min: 1-2 Sigurd Slåtto

57 min: 1-3: Sindre M. Steine

Kort:

Ingen

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Terje Gjuvsland

2 poeng: Rene Adjemi

1 poeng: Ørjan Underbakke

Lag:

Tore M. Steine – Terje Gjuvsland, Jørn Våge, Vidar Ritland, Ørjan Underbakke, Audun Hilde, Sindre M. Steine, Sigurd Slåtto, Rene Adjemi, Johny Hebnes