Jubel etter ein etterlengta seier

 

 

Endeleg! Seier i vårsesongens siste kamp for Suldalsgutane. Stord, som trong ein seier for å rykke opp til elitedivisjon til hausten måtte gi tapt for eit Suldalslag som aldri ga opp og som fekk betalt med 3 poeng etter ei knallsterk avslutning.

Første omgang var jamnspelt med mykje kjemping på midtbanen og få store sjansar. Etter 15 min header Stord i tverrliggaren, medan Hallvard Erfjord vert spelt gjennom og har sjanse til score for Suldal. Omgangen ser likevel ut til å ebbe ut med 0-0. Men eit par suldalsspelarar roter det til i forsvar i siste minutt slik at ein Stordspelar enkelt kan setje ballen over keeper Lars Kristian Bakka som gjer ein god omgang mellom stengene. Surt, for Suldal var fullt på høgde med bortelaget.

Pål Erik Jelsa Landsnes gjorde ein solid kamp i midtforsvaret

 

I andre omgang gjekk Suldal ut i hundre og pressa Stord tilbake på banen. Fleire angrep blir rulla opp anført mellom anna av Steffen Øigjord fortset det fine vingspelet frå kampen mot Haugar. Dette resulterer i straffe til Suldal etter hands av ein Stordspelar. Vegard Natland pleier ikkje nøle i slike situasjonar men denne gongen er skotet verken hardt eller velplassert nok så keeper reddar og returen går utanfor. Suldal let seg ikkje affisere av dette. Laget forset det fine spelet og kjem til fleire sjansar utover i omgangen. Derfor var det ein kalddusj då Stord ufortent går opp til 2-0.

På dette tidspunktet i kampen ser det vanskeleg ut for Suldal å få med seg poeng. Laget mister litt struktur både i forsvar og på midtbanen. Spelet glir ikkje like godt, og enkeltspelarar vert gåande litt for lenge med ballen.

Ingvald S. Halgunset og Vegard Natland scora Suldals første og siste mål i kampen

Men dette er siste kampen i vår. Det er heimebane med sol og eit entusiastisk publikum på Jelsa. Og det er tydeleg at denne kampen vil ikkje Suldal tape. Alle auker innsatsen,  gir alt i duellane og når det er 12 minutt igjen får Suldal frispark på kanten av 16-meteren. Vegard legg presist inn til Ingvald Halgunset som dempar ballen og plasserer den i mål etter at ein Stord-spelar reddar det første skotet på streken. Og dette er starten på ein glitrande avslutning av Suldal. Lars H Tobekk, som gjorde ein god kamp mot Haugar sist vart bytta inn som spiss, og noko av det første han gjorde var å springe frå Stordforsvaret og sette inn utlikninga til vill jubel frå tilskuarar og medspelarar.

Det er tydeleg at denne kampen vil Suldal vinne. Dei taklar så det luktar svidd og spring bokstaveleg talt til krampa tek dei. Og det gir resultat. Bare 4 minutt etter 2-2 målet presser Vegard og Lars H ein Stordspelar til å lage sjølvmål. Lufta har gått litt ut av Stordlaget, men dei kjem likevel til nokre farlege situasjonar og ingen på sidelinja føler seg trygge på at Suldal skal hale dette i land.

Men dette er Suldal sin kamp og på overtid, får Vegard revansj for det brente staffesparket. Han scorer sikkert på ei kontring etter at Stord har pressa på for utlikning.

Dette var ein skikkeleg lagseier der alle gjorde ein framragende jobb heilt til siste fløytesignal.

Karl Georg Erfjord, Christian Smithson og resten av Suldalsgutane nyt velfortente forfriskningar sponsa av Joker Jelsa

 

Dette var som sagt siste kamp i 1. divisjon for dette laget. Til hausten flytter 4-5 av spelarane til sørfylket for å gå på skule og fleire av dei har begynt å sondere terrenget for å finne seg ein klubb sør for Boknafjorden. Ingen tvil om at dei vil kunne gjere seg bemerka i større klubbar enn Suldal. Resten av laget kjem til å spele i 2. divisjon frå hausten av. Men først er det Dana-Cup i Hjørring i slutten av juli. Med spelet Suldalsgutane har vist i dei siste kampane kan det bli løye…

 

Mål:

40 min.  0-1  Stord

60 min   0-2  Stord

68 min   1-2 Ingvald Sandvik Halgunset

70 min   2-2  Lars Hebnes Tobekk

74 min   3-2  Sjølvmål

80 min   4-2 Vegard Natland       

Lag: Lars Kristian Bakka, Lars Lavalette, Pål Erik Landsnes, John Herman Ås, Stian Jelsa, Steffen Øigjord, Ingvald Sandvik Halgunset, Johannes Wigestrand,  Christian Smithson, , Vegard Natland, Hallvard Erfjord

Innbyttarar: Karl Georg Erfjord, Terje Åsland Nevøy , Lars  Hebnes Tobekk, Patrick Weerstand, Gunnar Klungtveit, Håkon Førre Vanvik, Njål Håranes Eide