Kapteinen Nils Arne var bestemann i dag.

Det vart eit surt tap i det som kanskje er siste kamp for Suldal på Eide stadion, for til hausten reknar me med at kunstgraset i Prestavikjo er klart.

Kampen mot Ferkingstad vart på ingen måte velspelt. Det var lite som fungerte for begge lag, og skulle ein få til noko, så var det kjemping og hardt arbeid som gjaldt. Ingen av laga greidde å spele seg til særleg sjansar, det var tilfeldigheitene som avgjorde kor ballen for. I første omgang vart det notert to sjansar for Suldal. Øyvind Gjuvsland hadde eit skot på keeper, og Tor Arne Sigstad hadde eit skot utanfor etter innkast frå Jørn Våge med stuss frå Øyvind.

Ferkingstad var farlege eit par ganger på korner, mens målet deira kom utav ingenting. Ein spelar fekk stå pressa på vel 20 meter. Han fyrte av og traff godt, for ballen for over Ingve Berge og i mål.

Det såg ikkje ut som at Suldal var særleg interesserte i å vinne kampen i første omgang, og det fekk dei beskjed om i pausen. Ein må vise meir glød enn det som vart gjort før kvilen. Og det såg ut som at spelarane forstod dette, for i andre omgang kom i det minste innsatsen seg.

16 minutt ut i omgangen fekk me omsider utlikning. Erik Bård Bråtveit jobba og sleit seg oppover venstrekanten og la ut til Nils Arne Moe. Han sendte ballen vidare inn til Øyvind på 5-meteren, og han sette ballen sikkert i mål.

Eit par bytte gjorde og at det vart litt friskare i deler av andre omgang. Ingvald Sandvik Halgunset tok godt tak på midten og fekk litt driv inn i spelet, og Jone Utbjoa og Christer Hansen var fleire ganger berre litt unøyaktigheit frå å komme gjennom forsvaret til Ferkingstad.

Minutta gjekk, og kampen nærma seg slutten. Ingen av laga kom til dei heilt store sjansane, og på sidelinja innsåg me at her kunne det bli både null, eitt eller tre poeng. Kva lag skulle få oppleve at tilfeldigheitene gjekk deira veg?

Det vart til slutt gjestene som trakk det lengste strået. Fem minutt før slutt kontra karmøy-buen. Dei fekk lagt over til ein umarkert kar på bakre stolpe, og han skaut godt. Så godt at ballen for i mål.

Me skulle gjerne hatt poenga i dag, for det hadde me ein god sjanse til å få til. Dessverre ville det seg ikkje. Nå står ein kamp igjen før ferien, borte mot Ølen på onsdag.

Fakta:

Mål:

24 min: 0-1: Ferkingstad

61 min: 1-1: Øyvind Gjuvsland

85 min: 1-2: Ferkingstad

Kort:

Ørjan Underbakke, Erik Bård Bråtveit, Ingvald Sandvik Halgunset og to til Ferkingstad

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Nils Arne Moe

2 poeng: Robert Sjøholt

1 poeng: Øyvind Gjuvsland

Lag:

Ingve Berge – Nils Arne Moe, Tor Olav Berge, Tor Arne Sigstad, Dagfinn Nærheim – Erik Bård Bråtveit, Ørjan Underbakke, Jørn Våge, Robert Sjøholt, Bjørn M. Steine – Øyvind Gjuvsland

Innbyttarar: Ådne Nærheim, Ingvald Sandvik Halgunset, Jone Utbjoa, Christer Hansen, Vegard Natland, John Herman Ås.