Så var der ferie...

Siste kamp i vårsesongen var borte mot Ølen, eit av topplaga i divisjonen.

Me har spelt eit par treningskampar mot Ølen dei siste sesongane, og har greidd oss ganske bra mot dei. Men treningskamp er noko anna enn når det er serie og så blodig alvor som det kan vere i lågaredivisjonsfotball. Heimelaget var skjerpa, tende og har ein homogen spelartropp som tydeleg har fått trent inn eit spelemønster som fungerer godt.

Suldal sin tropp til kampen kan ein nok ikkje karakterisere som homogen. Me stilte med fire mann over 31 år og ti mann frå 15-21 år. Ungdommeleg pågangsmot og mykje rutine kunne vore ein god kombinasjon, men me skulle nok hatt nokre tøffingar i sin beste fotballalder på laget for å binde saman pågangsmotet og rutinen. Spelarar i 20-åra har fått erfaring og taktisk kløkt, samstundes som dei er på topp fysisk både med musklar, snøggleik og kondisjon. Det er vel berre til å sjå på innkjøpspolitikken til Sir Alex….

Men over til kampen. Ølen var det beste laget gjennom heile oppgjeret, men i 1. omgang var me til tider absolutt med på notene. Me ønska på førehand å få til meir spel enn det me gjorde i sist kamp, og då er det viktig å få med backane i oppbygginga. Me prøvde oss tidleg på det, men vart brotne og fekk ein sjanse imot. Det er forståeleg at me vegrar oss litt for å fortsetje då, men om ein ikkje vågar så vinn ein lite. Likevel er det når me held ballen på bakken og spelar kjappe pasningar at me er best. Dessverre har me ikkje fått øvd på det sidan me ikkje har hatt bane å trene på i år. Derfor har det til nå i år blitt for upresist og me kjem ikkje til nok sjansar til å få fleire mål enn motstandaren. Vonaleg blir det betring på dette utover hausten.

Første halvdel av 1. omgang gjekk utan at nokon kom til dei heilt store sjansane. Me hadde noko som kunne likne på ein sjanse etter 12 minutt, og Nils Arne Moe fekk løsna eit skot på mål etter ca 20 min. Ølen hadde heller ikkje kjempesjansar, men dei hadde ein kaptein som var nokre hakk for god for 5. divisjon. Han styrte og vann det meste på midten, og hadde nokre dribleraid som fort kunne resultert i mål.

Det er ikkje til å leggje skjul på at det var heimelaget som førte kampen, og etter 23 min står det på underteikna si blokk at me blir pressa bakpå. Me kjem oss ikkje skikkeleg ut av forsvar. Ølen får spele ball, og me er litt for seine oppi ballførar. To minutt seinare står det 1-0. Me bommar på ein enkel ball, og dermed får dei fri veg mot mål.

Dette målet tende oss litt, for resten av omgangen var me meir med. Me fekk låne ballen og kom oss til eit par halvsjansar og ein kjempesjanse. Kjempesjansen kom då Robert Sjøholt fekk ballen djupt inne på vår banehalvdel. Han slo ein flott pasning over motstandarane sitt forsvar og inn i bakrommet. Her kom Erik Bård Bråtveit i full fart. Fekk ballen med seg, skar inn framfor forsvararen og storma mot mål. Keeper kom imot, og Erik Bård plasserte ballen fint til side og i retning mål. Dei fleste gule og svarte såg ballen i mål. men i siste liten vart det redning på strek.

Ein av småsjansane kom då Geir Bjarte Hoftun i sin første kamp etter operasjon tok eit langt innkast. Jone Utbjoa fekk sjansen til å skyte, men ballen for over mål. Slutten av omgangen gav oss likevel håp om at me kunne få til noko i andre omgang.

Men det håpet svann fort. Omgangen starta med eit skot frå Geir Bjarte, men sidan den ikkje gjekk inn bestemte Ølen seg for å vise korleis ein skal gjere det. Kapteinen deira fekk gjere det han ikkje skulle gjere; valse rundt med midtbanen vår. Han la ut til den gode venstrevingen deira, og han la eit fint innlegg til ein som kunne stange ballen i mål eitt minutt ut i omgangen. 2-0, men me hang framleis med. Ingvald Sandvik Halgunset hadde ein kjempesjanse då han vart spelt gjennom åleine med keeper. Ingvald var roleg og sette ballen til side for keeper. Dessverre vart det og like til side for målet.

I andre enden av banen haldt Ingve Berge oss inne i kampen med trippelparade på eit hjørnespark, og broder Tor Olav Berge hadde eit godt frispark frå vel 20 meter som keeper måtte slå over tverrliggjaren. Så gjekk lufta ut av ballongen vår. Hjørnesparket me vann, fekk me lite utav. Ølen kontra effektivt og presist, og vips låg ballen i mål bak Ingve. Fire minutt seinare vart det 4-0, og dermed var det gjort. Heimelaget fekk for mykje rom og tid med ballen. Dette var nok litt for at me ikkje er kjappe og konsentrerte nok, men og fordi Ølen spelar god fotball og er tolmodige. Dei trillar ball bak, ventar til det blir bakrom og set så fart gjennom midtbanen og ut på vingane. Gode røynsler og godt trente spelarar gjer dette mogleg.

Me tapte for eit betre lag i dag, og må ta ferie i botn av tabellen. Me visste det ville bli ein tøff sesong i år, med unge og urutinerte spelarar i sentrale roller. Utifrå dei forutsetnadane, har me vore bra med i dei fleste kampane. Kampen i dag mot Ølen, samt kampen mot Falkeid viser at me ikkje har noko i toppen av divisjonen å gjere, men i alle dei andre kampane har me ofte vore jamngode med motstandarane. To ganger har me trukke det lengste strået, mens me i dei andre ikkje har hatt marginer eller det siste litle ekstra til å dra i land poeng. Det har vore kjekt å sjå pågangsmotet og innsatsen til alle dei unge spelarane våre, og dei har fått god erfaring dei kan ta med seg vidare inn i haustsesongen.

God ferie!

Fakta:

Mål:

25 min, 46 min, 74 min, 78 min, 83 min: Ølen

Kort:

Ingen

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Nils Arne Moe

2 poeng: Tor Arne Sigstad

1 poeng: Erik Bård Bråtveit

Lag:

Ingve Berge – Nils Arne Moe, Tor Olav Berge, Tor Arne Sigstad, Dagfinn Nærheim – Jone Utbjoa, Ingvald Sandvik Halgunset, Robert Sjøholt, Ørjan Underbakke, Erik Bård Bråtveit – Geir Bjarte Hoftun

Innbyttarar: Christer Hansen, John Herman Ås, Vegard Natland.