Kjetil vart bestemann i debuten for Suldal.

Så var haustsesongen i gang, og den vart innleia på ein ny arena for oss, Halsnøy i Kvinnherad kommune.

Nordpulja i år har med eit par lag frå Hordaland, og det er alltid kjekt å møte nye lag og reise til nye plasser. A-laget har ikkje spelt her før, men eit par av spelarane har vore her med eit tidlegare gutelag. I tillegg var sjåføren kjend, Nils Paul har gått her på folkehøgskule! Halsnøy viste seg frå si flottaste side, med flott ver og nydeleg grasmatte.

Kampen vart innleia med eitt minutt stille til  minne for 22. juli, og alle spelte med svarte sørgjeband.

Då kampen kom i gang, viste det seg raskt at det kom til å bli ein jamn kamp. Suldal var godt med frå start og hadde ballen mykje dei første minutta, utan at det blei dei store sjansane av det. Så var det heimelaget som hadde føringa ei stund utan at det heller førte så mykje med seg.

Midtvegs i første omgang kom så den beste perioden vår. Då var me flinke til å spele ball og plassere oss i spelbare posisjonar. Spelarane viste initiativ og speleglede. Spesielt kantane våre var mykje involvert i denne perioden. På høgrekanten kombinerte Dagfinn Nærheim og Jone Utbjoa godt med overlappar, innlegg og avslutningar, mens på venstresida viste John Hermann Ås og debutanten Kjetil Steinbru fine takter. Kjetil må vel vere ein av dei første a-lagsspelarane frå Kvilldal? Han kom svært godt frå debuten og vart sågar kåra til vår bestemann i dag med si unik evne til å krangle ballen med seg, i tillegg til god teknikk og stor fart. Det var rett før han skaffa oss straffe då han kom seg forbi backen sin eit kvarter ut i omgangen og blei felt, men det var rett utanfor 16-meteren, så det vart berre frispark utav det.

20 minutt ut i omgangen vart me derimot tydeleg snytt for eit straffespark. Dagfinn kom på overlapp

Rene var tilbake og gjorde den tunge jobben som minesveipar og ryddegut på midten i kjent stil.

og la inn til Øyvind Gjuvsland i straffefeltet. Øyvind vart heilt klart skudd over ende og dommaren bles – indirekte frispark! Kvifor? Jo, det var ikkje nokon målsjanse, meinte dommaren! Den regelen hadde verken Halsnøy eller Suldal høyrt om… Frisparket dytta Ørjan Underbakke til Jone, og Jone klinka ballen i undersida av tverrliggjaren og dessverre ut på banen igjen. Det hadde blitt ei fortent perle.

I staden var det Halsnøy som skulle gå opp i leiinga. Dei utnytta at me ikkje er besluttsame nok til å takle, spelaren deira fekk tråkle seg frå hjørneflagget, inn i feltet og i posisjon til å sende ei lompe langs bakken og i mål. Dette skal ikkje vere lov! Ut omgangen var det stillingskrig, men heimelaget var nok nærast mål då ein spelar var nokre cm for kort til å skli inn eit overlegg.

Andre omgang starta dårleg for oss. Minesveiparen på midtbanen vår Rene Adjemi måtte ut nokre minutt for å teipe ein dårleg ankel. Det utnytta motstandarane då ein midtbanespelar fekk gå uforstyrra og sende i veg eit laust skot frå vel 20 meter. Ballen gjekk sakte men sikkert i boge over Ingve Berge i mål og inn i krysset. Nok eit mål imot fordi me ikkje er raskt og tøft nok oppi ballførar.

Resten av kampen gjekk med til å prøve å komme seg til målsjansar, men det var ikkje så lett. Nærast var nok Kjetil då han elegant drog av eit par mann og skar inn mot mål frå kanten. Skotet kunne målvakta likevel stå på første stolpe og ta seg av sidan vinkelen vart litt for liten til å plassere ballen i mål.

Me augna eit ekstra håp om å ta inn Halsnøy si leiing då det stod eit kvarter igjen av kampen.

Øyvind hadde mange tøffe duellar som enda både i frispark med og mot, gult kort og mål! Men spørs om han vil vere ven med dommaren på facebook...

Heimelaget fekk då ein spelar utvist med to gule kort etter ei takling. Likevel var det Halsnøy som skapte den største sjansen då dei fekk komme åleine mot mål. Heldigvis var Ingve vaken og var tidleg ute og avverga med ei flott handballredning.

På overtid skulle me så få målet vårt. Ørjan slo ein av sine mange flotte hjørnespark, og Øyvind var høgast i feltet og fekk stange ballen i mål. Kampen ebba så ut i nok eit knepent tap. Me er nøydde til å avgjere desse kampane til vår fordel snart!

Fakta:

Mål:

25 min: 1-0: Halsnøy

48 min: 2-0: Halsnøy

90 min: 2-1: Øyvind Gjuvsland

Gule kort:
Øyvind Gjuvsland og to til Halsnøy

Raudt kort:

Halsnøy

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Kjetil Steinbru

2 poeng: Rene Adjemi

1 poeng: Øyvind Gjuvsland

Lag:

Ingve Berge – Dagfinn Nærheim, Tor Olav Berge, Tor Arne Sigstad, John Hermann Ås – Jone Utbjoa, Ingvald Halgunset, Rene Adjemi, Ørjan Underbakke, Kjetil Steinbru – Øyvind Gjuvsland.

Innbyttar: Christer Hansen