Stian Jelsa scora mot Kopervik

Det vart tosifra i første kampen på nye Prestevikjo! Eit spent og tent heimelag overkjørte gjestene frå Karmøy gjennom store deler av kampen. Suldalsgutane varta opp med flott spel og fine mål. Seieren smaka ekstra godt i og med at 5 sentrale spelarar på laget har meldt overgang til nye klubbar pga skulegang i sør-fylket. Dermed måtte andre dra ein større del av lasset, noko dei gjorde til gangs i denne kampen!

Suldal tok umiddelbart tak i kampen på den flotte kunsgrasmatta i Prestevikjo. Pasningsspelet sat fint, utan at laget kom til dei store sjansane det første kvarteret. Faktisk var det Kopervik som først var farleg frampå då spissen deira kom åleine gjennom, men keeper Lars Kristian Bakka redda sikkert.

Johannes Wigestrand gjorde ein solid innsats som midtstoppar

Men umiddelbart etterpå er det klart for 1-0. Hallvard Erfjord blir spelt fint fri og scorer sikkert åleine med keeper. Og no er kjem ein periode i kampen der det meste lukkast for Suldal. Bare 2 minutt etter 1-0 scorer Terje Åsland Nevøy etter eit fint innlegg frå venstresida. Minuttet etter kjem eit nytt innlegg frå venstre. Ingvald Halgunset tek i mot ballen på brystet, vippar den deretter forbi ein motstandar før han plasserer ballen sikkert i mål. 3-0.

Suldal fortset å trykke på, og 4-0 kjem etter ei ny framspeling av Hallvard, som er like kald åleine med keeper som sist.

Dei siste minutta før pause kom vart Suldalslaget minna på at innsatsen må vere på topp gjennom heile kampen. Då fekk Kopervik lov til å

redusere 2 gonger etter ukonsentrert forsvarsspel av Suldal. Angrepsspelet var det likevel lite å utsetje på. Høgreback Stian Jelsa noterte seg for sesongens første scoring på ei heading frå kort hald etter corner.

Etter pause vart det aldri spennande, men mange gode angrep som involverte heile laget gjorde at det var mykje å glede seg over for tilskodararne. Mange av angrepa starta heil bak i forsvarsrekka der særleg venstreback Lars Lavalette gjorde ein kjempeinnstas både ved å bryte Kopervik sine angrepsforsøk, og ved å vere villig med framover i Suldal sine angrep. Generelt var Suldalsgutane flinke til å involvere mange

Hallvard Erfjord noterte seg for 5 mål mot Kopervik

 medspelarar i angrepa, bruke kantane og kome til innlegg. 6-2 kom tidleg i 2 omgang då Hallvard scora sitt tredje etter retur frå keeper. Og ikkje lenge etter set Terje inn sitt andre mål. Etter dette er lufta gått ut av Kopervik og Hallvard vert 5-målsscorar då han legg på til 8-2 og 9-2 medan Ingvald avsluttar med å setje inn 10-2 etter eit soloraid i siste speleminutt.

Alt i alt ein vel gjennomført kamp av “nye” Suldalsgutane på nye Prestevikjo. Og sjølv om motastandaren ikkje var av same kaliber som i 1 div i vår, så skal gutane ha honnør for at dei fullfører kampen på ein overbevisande måte.  Neste kamp vert borte mot Ferkingstad torsd 1 sept medan neste heimekamp vert torsd 8 sept.

Mål:

15 min.  1-0  Hallvard Erfjord

17 min   2-0  Terje Åsland Nevøy

18 min   3-0 Ingvald Sandvik Halgunset

26 min   4-0  Hallvard Erfjord

30 min   4-1  Kopervik

35 min   5-1 Stian Jelsa

40 min   5-2 Kopervik

50 min   6-2  Hallvard Erfjord

60 min   7-2 Terje Åsland Nevøy

65 min   8-2  Hallvard Erfjord

67 min   9-2  Hallvard Erfjord

80 min   10-2 Ingvald Sandvik Halgunset

Gult kort: Kopervik 2    Suldal  ingen

Lag: Lars Kristian Bakka, Lars Lavalette, Pål Erik Landsnes, Stian Jelsa, Ingvald Sandvik Halgunset, Johannes Wigestrand,  Christian Smithson,  Hallvard Erfjord, Terje Åsland Nevøy,  Gunnar Klungtveit, Håkon Førre Vanvik

Innbyttarar: Karl Georg Erfjord, Njål Håranes Eide