Surt og unødvendig tap for Suldalsgutane på Karmøy. Ferkingstad vann etter scoring 4 minutt på overtid. Like skuffande som

God innsats og flott mål av Lars Lavalette

tapet var spelet Suldal viste i store deler av kampen. Det fine pasningsspelet frå kampen i Vikjo i førre veke var bokstaveleg blåst bort. Fleire av spelarane

 mumla allereie før avspark at dei var underernærte på søvn etter ei natt i telt i Buarkvelven på skuletur.

Og sjølv om Suldalsspelarane kom godt i gang og styrte kampen dei første minutta, så svikta konsentrasjonen i dei avgjerande situasjonane. Fleire klare målsjansar vart brende. Spissane som i førre kamp scora til saman 7 mål var ikkje like mykje på hogget denne gong. Etter som måla uteblei, kom Ferkingstad meir med i kampen. Dagens keeperdebutant, 13 år gamle Oddvar Skålheim, måtte derfor fleire gonger i aksjon og rydde opp då Ferkingstad byrja å yppe seg framfor mål. Unge Skålheim klarte seg godt etter at han på kort varsel steppa inn for Suldal sin faste keeper Lars Kristian Bakka, som ikkje kunne vere med på denne kampen.

Keeperdebutant Oddvar Skålheim viste god innsats mot 3 år eldre motspelarar

 1 omgang ebba ut med 0-0, noko Suldal på ingen måte kunne seie seg fornøgd med. I pausen vart det derfor snakka om å trø hardare til i duellane og jobbe med pasningsspelet. Og pausepraten såg ut til å hjelpa: Allereie i første angrep i 2. omgang scora Christian Smithson frå kort hald etter eit fint angrep. Men sjølv om innsatsen kom seg noko etter pause så klarte Suldal ikkje å tilriva seg noko klart initiativ i kampen. Pasningane gjekk framleis for mykje i hytt og ver og avslutningane havna I sanddynene på vest-karmøy eller i klypene på Ferkingstadkeeperen.

Og etter halvspelt andreomgang  klarte Ferkingstad å utnytte heimefordelen (les: vinden): Eit frispark frå 40 meter vart sendt mot Suldalsmålet, vart tatt av medvinden, gjekk over forsvaret og keeper og duppa ned like under tverrliggaren. 1-1.

Suldal jobba vidare, men dette var tydelegvis dagen der omtrent ingenting stemde verken i angrep eller forsvar. 5 min før slutt klarte Ferkingstad å krangle ballen i mål til 2-1 etter ein corner. Urettferdig i forhold til sjansestatstikken i kampen, men kva hjelper det? Men Spelarane mista aldri trua på at det skulle bli poeng i denne kampen. Jubelen var derfor stor då Lars Lavalette banka ballen i mål 3 minutt på overtid etter fin pasning frå Karl Georg Erfjord. Jubelen stilna fort: Direkte frå avspark gjentek situasjonen frå 1-1-målet seg. Ballen går i ein fin boge over alle og dalar ned

  under tverrliggaren.  2 sekund seinare bles dommaren kampen av. Vanvitig  surt, men dessverre ikkje heilt ufortent. Om kampar skal vinnast må innsats og konsentrasjon vere på plass frå første til siste spark. Det var ikkje tilfelle i dag.

Det vart aldri nokon stor kamp på Ferkingstad Kunstgras

Men torsdag 8 september er det ny sjanse til å sjå Suldalsgutane i aksjon. Då kjem Fitjar frå Stord til ein kamp som truleg vert spelt på Eide på Sand.

Mål:

41 min.  0-1  Christian Smithson

60 min   1-1  Ferkingstad

75 min   2-1  Ferkingstad

80 min   2-2  Lars Lavalette

80 min   3-2  Ferkingstad