Brodd 3 var for ein gong skuld bortelag på Midjord.

Mens dei aller fleste gjekk heim for å sjå Danmark-Norge på fjernsyn, møtte suldølen mannsterke opp på Midjord for å hente tre poeng igjen.

Spele kamp midt i den viktige kvalifiseringskampen i København!? Men lagleiar og oppmann  Vidar Hilde tok ansvar, ein har då PVR-dekoder, må vite!
I kampen var det heimelaget Suldal som var best gjennom stort sett heile kampen. Me har til tider funne ut formasjonar og taktikk, og om me berre greier å halde konstentrasjonen og innsatsen så er spelet rett og slett godt.

Inge var bestemann i dag.

Dei første minutta gjekk med til å føle kvarandre fram, og litt småsjansar kom det til begge lag. Men etter 17 minutt var det tid for mål, og det gjekk rette vegen. Ørjan Underbakke slo nok ein gong ein flott corner, og ballen kom tilbake i retur. Frå skrått hald skaut han hardt og med ein skummel stuss. Ballen for forbi keeper, og der var innbyttar Vidar Ritland og sette ballen i mål på sitt første spark på ballen.

Noko etter fekk Sigurd Slåtto  ballen på 7-meteren og brukte kreftene til å halde motstandarane på avstand. Med ryggen mot mål venda han litt her og litt der før han snudde seg og dundra ballen opp i nettaket. Ei flott skåring.

Det var ei uvant kjensle å gå til pause med to-målsleiing. Endå meir uvant vart det utover omgangen

To mål og nok ein god kamp på Sigurd.

ettersom me gjekk opp til både tre- og fire-null. 3-0 kom medan referenten var ballgut, men frå lang avstand skimta han at Vidar H. spelte Sigurd åleine gjennom mot Brodd 3 sin keeper. Sigurd byrjar å bli ein rutinert målskårar, så han hadde ikkje problem med å setje inn sitt andre for dagen.

4-0 kom etter at Ørjan hadde prøvd seg med eit langskot. Returen gjekk ut til Sigurd, som og prøvde seg på eit skot. Skotet var hardt og gjekk langs bakken, men hadde retning utanfor stolpen. Heldigvis lukta Sindre M. Steine målsjanse, så han var på plass og styrte ballen i mål.

Det såg ut til å gå mot ein klar siger, og med smultring imot. Både fordi dei som til vanleg høyrer heime på Midjord ikkje verka så kvasse, og fordi sisteskansen vår Inge Lunde stod som ein gud mellom stolpane. Men så såg det ut til at me tok sigeren på førehand, eller at fleire ville teikne seg på mållista. For me vart plutseleg for offensive og Brodd 3 kom på overgangar og fekk etablert spel. Dette resulterte i to kjappe reduseringar då det var 6-7 minutt igjen å spele. Skulle dette glippe?

Oppmann og lagleiar spelte seg til poeng på børsen. Og etterpå serverte han dårleg, norsk fotball på TV.

Neidå. Det roa seg dei siste minutta, og me kunne sikre inn ein kjekk siger. Godt og konsentrert spel i 55 av 60 minutt haldt inn. Herleg siger, og så er det ned i stova til Vidar H. for å sjå Danmark-Norge i opptak….

…og DER er Moa gjennom åleine mot keeper, men dessverre får han ballen på høgre og set skotet rett i klypene på Thomas Sørensen…

Fakta:

Mål:

1-0: Vidar Ritland

2-0: Sigurd Slåtto

3-0: Sigurd Slåtto

4-0: Sindre M. Steine

4-1 og 4-2: Brodd 2

Kort:

Ingen.

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Inge Lunde

2 poeng: Sigurd Slåtto

1 poeng: Vidar Hilde

Lag:

Inge Lunde – Vidar Hilde, Terje Gjuvsland, Audun Hilde, Ørjan Underbakke, Sigurd Slåtto, Sindre M. Steine, Vidar Ritland, Tore M. Steine