Det var ein spent gjeng som reiste til Tysvær for å møte topplaget Falkeid.

I våroppgjeret vart me rundspelt etter alle kunstens reglar og tapte 8-0 på Eide, men me var oppildna av godt spel mot Etne sist helg, og det faktum at Etne nettopp slo Falkeid heile 6-1. Me tenkte som så at dette både kunne gå til himmelen – altså eit overraskande poeng og tre, eller til helvete og ende med nok eit stortap. Mange fråfall hadde me, men det har tidlegare vist seg at dei som kjem inn som erstatning utan unntak har gjort det svært så godt, så det var me ikkje redde for.

Me valde ein taktisk vri denne gong, for å demme opp mot det som i sist oppgjer mot Falkeid var ein motorveg gjennom midtbaneleddet vårt. Me spelte eit slags 4-2-2-2 system som defensivt skulle arte seg som 4-6-0 og offensivt som 4-1-5. Eigentleg er det vel ein variant av 4-4-2, men med ein plogforma midtbanefirar (for taktisk interesserte). Målet var uansett å tette igjen for oppspel på midten, og å komme raskt i angrep med fleire folk enn ein einsleg spiss. Dette grepet viste seg til å fungere overraskande bra.

Jone fann endeleg ut kor mål stod og putta to.

Suldal kom svært så godt i gong med kampen. Me hang med frå første spark, sjølv om det var Falkeid som hadde den første store sjansen då dei etter ni minutt skaut over mål. Men to minutt seinare var det vår tur. Eit anna grep me har gjort i det siste er å bytte side på vingane våre, slik at Jone Utbjoa kan gå inn i banen og skyte på mål. Dette fekk han gjort til gangs etter 11 minutt. Jone fekk ballen omtrent på midtbanen på vår høgreside og sette i gang eit heilt show av eit soloraid. Han runda det som måtte komme mot seg, kom gjennom åleine og sette ballen flott til side for keeper. Kjempestart!

Men gleda varte ikkje lenge. Minuttet etter kom heimelaget i angrep. Dei spelte ein spelar gjennom på venstresida deira, men spissen var på veg vekk frå mål så det burde ikkje vere så farleg. Dessverre var banen glatt og Terje Gjuvsland, som elles spelte ein god kamp, hadde god fart. Det var nok lite å seie på det straffesparket. Straffen gjekk rett i mål til utlikning.

Så kom You Tube-målet for i år. Falkeid sende i veg ei lørja frå 40 meter og ballen trilla fint og roleg inn mot Erik W. Vold i målet vårt. Han skulle berre dempe ballen og skyte ut igjen. Dei som lurer på kva som skjedde, kan spole tilbake til Danmark-Norge og sjå kva Jarstein gjorde, berre at Erik gjorde det same rett framfor mål. Ballen trilla under foten hans og inn i det tomme buret. Ingen veit betre enn Erik kor fælt det var, og Erik stod elles ein god kamp i mål. 1-0-leiing gjekk til 1-2 på to minutt, og me gav dei begge måla.

Kaptein Moe var både Rekdal og Kean i same person på midten i dag. Då må det bli bestemannspris.

Me hadde likevel moral og innsats til å halde oss inne i kampen. Alle jobba og sleit og la ned ein imponerande innsats på den tunge, men etter alt regnet den siste tida, gode grasmatta. Av folk som heva seg eit lite hakk ekstra i dag kan me trekkje fram midtstoppar Tor Olav Berge som heile tida var tett oppi motstandaren, come back kid Vidar Hilde på backen som spelte med stor ro, den sentrale midtbanen med Ørjan Underbakke og Nils Arne Moe som alltid var oppi duellane, og vingen Jone Utbjoa som snurra rundt med både med- og motspelarar på det sleipe underlaget.

Dessverre var det likevel Falkeid som fekk mål. Dei var gode på innlegg og flinke til å doble på kantane. Det resulterte i to fine spelemål før pause. 3-1 hadde ein liten antydning til offside i seg, men sikre er ingen og då kan me ikkje klage. 4-1 var det ikkje noko å seie på, då det var eit godt innlegg og ei fin heading.

I pausen var me framleis positive. Dei leia i grunn berre 2-1, sidan me hadde gitt dei to mål, og me følte me var med i kampen. Då andre omgang tok til, var det vel så mykje Suldal som styrte spelet som heimelaget, og 13 minutt ut i omgangen fekk me utteljing. Tor Olav slo ein nydeleg krossar med utsida av foten og gjennom til Jone. Lynvingen vår hadde fri bane mot mål, og lobba elegant over ein utrusande keeper, 4-2 og me var med!

Vidar var tilbake på venstrebacke for første gong på 1,5 år. Det skulle ein ikkje tru: Storspel (så lenge kondisen haldt...)

Falkeid tok så over ei stund og pressa oss med fleire frispark og hjørnespark, men plutseleg fekk me til ei god kontring. Jone jaga ballen og fekk ei klarering frå keeper rett i seg. Ballen vart liggjande åleine og Jone nådde den først, men det vart for skrå vinkel. Falkeid fekk tak i ballen og sette fart. Farten vart så stor at ingen av våre greidde å følgje, og ballen låg til slutt i nettet bak Erik. Surt.

Ein skulle tru dette slo lufta ut av oss, men tvert imot. Me jobba oss til eit visst spelemessig overtak, og me kom til fleire avslutningar. Ørjan hadde både eit skot og eit gjennombrot, Nils Arne hadde fleire gode forsøk på skot frå distanse og Bjørn M. Steine hadde sjanse til å putte då han kom åleine med keeper. Dessverre hadde Falkeid ein god sisteskanse som rydda opp i det meste, men fem minutt før slutt måtte han kapitulere. Nils Arne var frampå med ei heading, returen havna i beina på spissen vår Sindre M. Steine, og han fekk ein fot på ballen og sendte den i mål til sluttresultat 5-3.

Det enda med nok eit tap, men du verda så kjekk kamp det var både å spele og sjå på. Me hang med serieleiarane heilt ut, og det skal me jammen ta med oss vidare. Og så skal me slutte av med eit eventyr – for det kan verke som at det skal eit eventyr til for å vinne ein fotballkamp i år:

«Det var ein gong ein gjeng suldølar som skulle til Falkeid og vinne ein fotballkamp. Det starta med flott leiing 1-0 etter eit nydeleg soloraid. Så var det ingen som kom på å gi gåver til motstandaren slik som straffar og tabbemål, og dermed stod det framleis 1-0 til Suldal då heimelaget kom i angrep. I dette angrepet var Suldal bittelitt raskare ut med forsvaret sitt, eller så var Falkeidspissen bittelitt for tidleg på løp slik at sjansen vart avblesen for offside i staden for at det blei mål. Og stillinga var framleis 1-0 til Suldal. Litt før pause fekk så Falkeid ei fortent utlikning, og til pause var det 1-1.

I andre omgang gjekk Suldal opp til 2-1 etter ein sjumilskrossar og påfølgande lobb, og noko seinare gjekk kontringa vår i mål i staden for å gi Falkeid kontring og mål feil veg. Stillinga var då 3-1 til Suldal. Då me så fekk sett ein retur i mål fem minutt før slutt, vart resultatet 4-1 til gjestene. Alle suldølane var nøgde og kunne reise heim med tre poeng. Og snipp, snapp, snute, så var eventyret ute….»

For ei røyndomsskildring så kan de sjå Falkeid sitt referat her…

Fakta:

Mål:

0-1: 11 min: Jone Utbjoa

1-1: 12 min: Falkeid (straffe)

2-1: 14 min: Falkeid

3-1: 33 min: Falkeid

4-1: 39 min: Falkeid

4-2: 58 min: Jone Utbjoa

5-2: 64 min: Falkeid

5-3: 85 min: Sindre M. Steine

Gule kort:

Vidar Hilde, Øyvind Gjuvsland og eitt til Falkeid.

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Nils Arne Moe

2 poeng: Delt mellom Joen Utbjoa og Vidar Hilde

1 poeng: Ørjan Underbakke.

Lag:
Erik W. Vold – Terje Gjuvsland, Tor Olav Berge, Tor Arne Sigstad, Vidar Hilde – Nils Arne Moe, Ørjan Underbakke – Jone Utbjoa, Bjørn M. Steine – Øyvind Gjuvsland, Sigurd Slåtto

Innbyttar: Sindre M. Steine