Tommy toppa heile driten med mål og bestemannspris!

Endeleg kom det ein siger igjen, og den kom etter eit svært spennande oppgjer i Prestavikjo.

Oppmannen vår hadde på førehand vore lausmunna på Facebook og lova tre poeng etter to spelemessig gode kampar tidlegare denne veka. Då kunne jo ikkje spelarane gjere anna enn å sørge for fleire mål enn motstandarane frå Bømlo.

Det er ikkje meir enn eit par veker sidan me møtte Bremnes 2 sist, og då vart me rett og slett sprunge i senk av spreke ungdommar, så me var spente på kva som ville møte oss i dag. Fokuset vårt var å vise tolmod og tette igjen midtbanen slik at dei ikkje fekk stå åleine mellom forsvaret og midtbanen vår og servere gjennomspel og slå i bakrom.

Frå start var det gjestene som førte an. Kjapt pasningsspel og forsøk på å komme rundt å kantane var resepten. Heldigvis var me budde på dette, og spelarane våre greidde stort sett å halde formasjonen,

Jone sette straffen sikkert i mål og var elles farleg frampå ved fleire høve.

ligge lågt og vente på motstandarane. Det var ikkje mykje me fekk låne ballen den første delen av omgangen, og det kunne sjå ut til at det skulle bli ein tøff kamp for oss. Spesielt sidan dei gjekk opp i leiing på eit langskot etter eit hjørnespark då det var spelt 12 minutt.

Men spelarane på Bremnes 2 var heldigvis ikkje Duracell-kaniner, skulle det vise seg. Dei greidde ikkje å halde tempoet oppe, og etter halvspelt omgang kom me betre med i kampen. Me fekk låne ballen og kom etter kvart til sjansar. Jone Utbjoa har verkeleg funne haustformen og spelte nok ein god kamp, han snurra rundt ute på venstresida si, skar inn og prøvde seg på skot. Bjørn M. Steine kombinerte fint på motsett side og fekk til ei avslutning som gjekk utanfor, og Tommy Espe sette fart gjennom forsvaret, men nølte litt for lenge til at det vart målsjanse av det.

I andre enden jobba me knallhardt for å halde motstandarane borte frå målet til Ingve Berge. Så hardt vart det jobba at Tor Arne Sigstad pådrog seg det klaraste gule kortet denne sesongen. Den elles så

Du kjem deg ikkje forbi Tor Arne ustraffa!

sindige skattefuten lot seg irritere såpass då han blei lurt at han rett og slett tok nakkegrep og heiv ein spelar i bakken som det skulle vore ein sekk med sjølvmeldingar. Kjekt å sjå engasjement!

I pausen var me i grunn godt nøgde med mykje, og spelarane fekk klar beskjed om å vise tolmod. Me måtte for all del ikkje la oss lokke til å få strekk i laget, for dei gongene me vart for ivrige og beit på agnet deira med å presse høgt, så angreip dei i stort tempo. Sjansar ville me uansett få.

Og spelet utvikla seg slik me ønska utover i andre omgang. Me var med i spelet frå start av og det var ikkje like mykje sprut i motstandarane som i første omgang. Jone løsna nok eit skot, og Ørjan Underbakke drog av eit par spelarar og skaut, men dessverre rett på keeper.

Spiss for dagen, Tommy, var farleg frampå ved fleire høve og viste herleg innsats og lure løp. Tjue minutt ut i omgangen vart han spelt gjennom av Jone og storma inn i feltet. Her vart han felt, og dommaren bles straffe. Denne sette Jone sikkert i mål til høgre for keeper. 1-1, og håpet var lysegrønt.

Vidare i omgangen spelte me med hjarta utanpå drakta og vel så det. Både Bjørn og Tommy, som var vår bestemann i dag, hadde store sjansar til å ta oss opp i leiinga, men plutseleg såg det ut som at det var gjesene som skulle få det neste målet. Tor Olav Berge var sikker på at han skulle nå ein ball heilt på kanten av straffefeltet nede ved dødlina. Dessverre vart det ei feilvurdering, Tor Olav nådde ikkje ballen, men traff ein motspelar i staden. Straffen var det ikkje noko å seie på, men i møte med Ingve og Vinjarnuten vart det for tøft press, og ballen gjekk over og i retning Fiskjetjønsvardane.

Dette vart ei ekstra vitamininnsprøytning for oss. Sindre M. Steine gjorde det han er best på og haldt

Stilleståande dribling er Sindre sin spesialitet. Det resulterte i målgivande.

på ballen framme til han fekk med seg folk. Tommy var aldri langt vekke, og to minutt før slutt gjorde samarbeidet mellom desse to veg i vellinga. Sindre gav ein stikkar og vips så var Tommy åleine med keeper. Her gjorde han ingen feil, og me leia 2-1.

Dei siste minutta vart nervepirrande, men me rei leiinga i land og kunne juble over tre svært viktige poeng. Det var godt å endeleg få betalt for alt det harde arbeidet spelarane har lagt ned i tre tunge kampar denne veka. Nå er det to veker til neste kamp, og då stiller me friske og opplagde.

Fakta:

Mål:
12 min: 0-1: Bremnes 2

65 min: 1-1: Jone Utbjoa (str)

88 min: 2-1: Tommy Espe

Gult kort:
Tor Arne Sigstad

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Tomy Espe

2 poeng: Tor Arne Sigstad

1 poeng: Jone Utbjoa

Lag:

Ingve Berge – Terje Gjuvsland, Tor Olav Berge, Tor Arne Sigstad, Nils Arne Moe – Bjørn M. Steine, Ørjan Underbakke, Ingvald S. Halgunset, Jone Utbjoa – Sindre M. Steine, Tommy Espe.

Innbyttar: Jørn Våge