Lite å gle seg over i regnet.

Det vart skikkeleg kalddusj på mange måtar på valdagen.

I eit høljande regnver brukte heimelaget fem minutt på å gå opp i 3-0-leiing på feilklareringar og gåvepakkar frå oss. Ballen stussa alt for raskt for oss på den blaute kunstgrasbanen, og kampen var nesten over før den hadde starta.

Nå skal det seiast at me kom med i spelet etter kvart, men det vart mykje feilpasningar. Det var vanskeleg å rekne kor fort ballen kom i flaumljoset og silregnet, dermed vart det for upresist til at me fekk mål. Nokre halvsjansar kom me til, med anna kom vår bestemann i dag Tore M. Steine til ein farleg avslutning, men det var smultring i protokollen til pause. I andre enden sørga Inge Lunde for at det ikkje vart meir enn eitt mål til imot.

I andre omgang var det me som førte banespelet. Me var tøffare i duellane og fekk til nokre fine kombinasjonar. Eitt av desse enda i redusering. Sindre M. Steine og Sigurd Slåtto kombinerte slik dei har fått så godt til i år, og på bakre stolpe stod Vidar «Brattbakk» Ritland og pirka inn sitt tredje mål på rad.

Det enda til slutt med 5-1-tap. Me var mannsterke, men spelesvake i dag. Vonar valet går betre.

Fakta:
Mål: 

4-1: Vidar Ritland

Kort:

Ingen

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Tore M. Steine

2 poeng: Sigurd Slåtto

1 poeng: Terje Gjuvsland

Lag:

Inge Lunde – Vidar Hilde, Terje Gjuvsland, Audun Hilde, Bjørn Vidvei, Ørjan Underbakke, Sigurd Slåtto, Tore M. Steine, Vidar Ritland, Sindre M. Steine, Thomas Brustveit