Einaste suldøl som kunne ta med seg tre poeng i denne kampen: Nils Arne. Men han ville nok heller hatt poeng til laget i dag...

Etter to veker med spelefri var det klart for ny dyst i Vikjo. Denne gong var det Skudenes som kom og helsa på.

Dei siste tre kampane har me vist gode tendenser, flott innsats og til tider godt spel. Kan hende kom spelepausen på eit dårleg tidspunkt for oss?  I utgangspunktet trudde me at me endeleg hadde eit luksusproblem før laguttak med mange tilgjengelege spelarar, men det vart til slutt såpass knapt med spelarar at me måtte spele med halvsjuke på banen og gamle heltar på innbyttarbenken. 

Taktikken var som i dei siste kampane, sørgje for å halde formasjonane og la motstandaren springe seg tome i første omgang. Det fungerte på sett og vis i dag og. Bortelaget førte spelet, sprang mykje og kom når sant skal seiast til nokre store sjansar. Farten deira skapte problemer for forsvaret vårt ved enkelte høve, og dei vann for mange duellar på midten.

Likevel var me frampå med nokre gode sjansar. Med anna var vingane våre Jone

Takk for hjelpa til supersub 1: Sigvart

Utbjoa og Bjørn M. Steine fri, men skotet til Jone gjekk utanfor og gjennomløpet til Bjørn enda med at han gjekk over ende i straffefeltet på veg åleine mot keeper. Om det var straffe skal ikkje underteikna gjere seg til dommar over, slik som enkelte andre trenarar (orsak – manager) i fylket gjer. Det er lite reprisar på storskjerm og monitor i Prestavikjo….

Det kom to mål i den første omgangen, eitt til kvart av laga. Det var gjestene som skåra først då dei sette fart i ei kontring. Vingen deira slo noko som nok skulle vere eit innlegg frå halvvegs inn på vår del av banen. Innlegget var ikkje særleg presist, faktisk så upresist at det heller vart ei avslutning på mål. Ballen fekk ein fin boge og dala ned i målet vårt bak Ingve Berge.

Heldigvis greidde me å svare rett før pause då Jone kom fri på venstrekanten og la inn framfor mål. Der dukka vår hardtarbeidande spiss Tommy Espe opp og putta ballen i mål til utlikning. Den var viktig og gav oss ei ein puff i baken inn mot kvilen.

Takk for hjelpa til supersub 2: Simmen.

Andre omgang var det Suldal som var kvassaste frå start av. Me fekk til litt spel, innsatsen var litt betre og me tenkte at dette var ein kamp me kunne vippe i vår favør om me hadde alle makter med oss. Det hadde me dessverre ikkje. Me fekk ikkje mål då me hadde initiativet, me slapp Skudenes meir til og farten deira vart eit problem på kontringar. Då Tor Olav Berge var for seint inn i ei takling og fekk sitt andre gule kort i kampen, måtte me halde fram med ein mann mindre.

Å spele i undertal ein halv omgang med halvsjuke folk og etter kvart tunge og trøtte bein vart for tøft for oss. Ein halvtime ut i omgangen kom leiarmålet til bortelaget då dei slo eit innlegg på bakre stolpe. Ballen vart heada inn framfor mål, og der stod det ein og putta. Ingve var kjapt nede og fekk ei hand på ballen, men avslutninga var hard nok til at ballen trilla i mål. To minutt seinare kontra bortelaget inn 1-3 og løpet var kjørt.

Me kom til nokre halvsjansar på slutten. Ingvald S. Halgunset drog seg fri og fekk til eit godt skot frå distanse, og supersub Simmen Bratland hadde eit skot over. Den andre subersubben vår i dag, Sigvart Vårvik, gjorde ein god figur på backen i come backet sitt. Det er godt at me har ein del sporty folk me kan spørje om å trø til når det knip!

Tre kampar igjen nå, og med fire poeng opp til trygg plass kan det sjå skummelt ut med tanke på å halde plassen. Neste kamp på laurdag borte mot Skjoldar/Vats 94 blir svært viktig i så måte, sidan dei ligg fem poeng føre oss. Lange underbukser og dobbel dose tran denne veka, gutar!

Fakta:

Mål:

0-1: 35 min: Skudenes

1-1: 43 min: Tommy Espe

1-2: 75 min: Skudenes

1-3: 77 min: Skudenes

Kort:

Gule: Jone Utbjoa og eitt til Skudenes.

Raudt: Tor Olav Berge (to gule)

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Nils Arne Moe

2 poeng: Rune Andre Laugaland

1 poeng: Tor Arne Sigstad

Lag:

Ingve Berge – Nils Arne Moe, Tor Olav Berge, Tor Arne Sigstad, Dagfinn Nærheim – Bjørn M. Steine, Ørjan Underbakke, Rune Andre Laugaland, Ingvald S. Halgunset, Jone Utbjoa – Tommy Espe

Innbyttarar: Sigvart Vårvik, Simmen Bratland.