Sigurd markerte seg i målorgien på Humpen.

Det vart handballresultat i oppgjeret mot tabelleiaren i 7’er-divisjonen. Godt gjort å skåre seks mål, men tolv i mot er i meste laget.

Buøy 3 sette opp eit stort tempo frå start, og sjølv om Suldal hadde første sjansen i kampen så var det heimelaget som sette ballen i mål.

Dei fekk leiing 1-0 etter tre minutt, og måla berre rann inn. Buøy var svært effektive og gode på avslutningane sine. Der me skaut over på sjansane våre, sette dei blå-kvite ballen kontant i mål langs bakken. Dei har forstått kor viktig det er å strekke ut vrista når ein skyt.

Det stod 6-0 før me fekk utteljing. Me var for putlete og tafatte då me vart tekne på senga frå start av. Etter kvart tok me igjen litt og viste at me og kan gå i duell. Sigurd Slåtto vann ballen og sette inn vårt førte mål. Like etter skaut Ørjan Underbakke omtrent frå midtbanen langs bakken i mål. Nett slik heimelaget hadde vist at det skulle gjerast.

I andre omgang skåra Buøy 3 to mål, før Sigurd og Ørjan igjen putta to. Stillinga var 8-4. I forrige oppgjer vart det 8-5, så me augna eit håp om å greie eit tilsvarande resultat. Men så rann det to mål til inn bak ein desillusjonert keeper Inge Lunde, og stillinga var 10-4.

Litt vanskeleg å halde styr på kven som skåra når etter kvart. Buøy 3 fekk endå to ballar i nettet før det var slutt, og Sindre M. Steine kunne ikkje vere verre enn Sigurd og Ørjan og gjorde to dragningar og skåra to fine mål.

12-6 er i grunn eit vilt resultat. Artig kamp for ein nøytral tilskodar, men det blir for mange feil til at ein suldalspatriot kan seie seg nøgd med dette. Når me blir pressa på ein liten bane og motstandaren set opp tempoet, heng me rett og slett ikkje med. Dei hadde 3-4 kjappe og ballsikre spelarar som styrte heile showet. Me skulle ha gitt dei noko meir motstand. Den som takla dei hardast var faktisk dommaren. Deira bestemann vart fint spela gjennom og var i grunn åleine med keeper då han snova i beina til dommaren og gjekk over ende så lang han var. Sidan dommaren var bakerste mann, burde han vel nesten gitt seg sjølv raudt kort?

Fakta:

Mål: 

6-1: Sigurd Slåtto

6-2: Ørjan Underbakke

8-3: Sigurd Slåtto

8-4: Ørjan Underbakke

11-5: Sindre M. Steine

12-6: Sindre M. Steine

Kort: 

Ingen

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Sigurd Slåtto

2 poeng: Ørjan Underbakke

1 poeng: Sindre M. Steine

Lag:

Inge Lunde – Terje Gjuvsland, Tore M. Steine, Vidar Hilde, Ørjan Underbakke, Sigurd Slåtto, Sindre M. Steine, Audun Hilde, Bjørn Vidvei