I 4. bortekamp på rad vart det eittmålstap for Suldalsgutane. Heimelaget stakk av med alle 3 poenga

Flott assist av Lars Lavalette i kampen mot Trott

etter ein jamn og relativt sjansefattig kamp på Stord  fredag kveld.

Og som i dei øvrige kampane kunne  det like gjerne vore Suldal som trakk det lengste strået. Ingen av laga hadde noko klart overtak, men igjen mangla Suldal evna til å  ta kontrollen i dei avgjerande situasjonane.

 

Suldal kom godt i gang i første omgang. Før kampen vart det fokusert på at alle måtte jobbe hardt frå første spark på ballen, og det viste og igjen på banen. Etter 10 minutt kom den første sjansen til å score. Ein Trott-spelar sendte eit tilbakespel mot eigen keeper som tok ballen med hendene. Dommaren dømte indirekte frispark  ca 13 meter. Heile Trottlaget vart sett opp som mur like utanfor mållinja. Ingvald Sandvik Halgunset prøvde å plassere ballen inne ved stolperota, men skotet vart blokkert. Resten omgangen bar preg av god jobbing,  men spelet ville ikkje gli slik me veit Suldalsspelarane kan ,så dei store sjansane uteblei.  Kampen vart oppstykka av mange kast, og andre avbrot i spelet.

Men rett før pause fekk me endeleg noko å gle oss over. Lars Lavalette, som i denne kampen var flytta fram som spiss, fossa fram på venstresida og fekk lagt inn. Uheldigvis gjekk ikkje ballen til Hallvard Erfjord som stod klar på 5-meteren, men i stolpen og ut på banen. Men farten til Lars var ei styrke som kunne utnyttast. Og bare 2 minutt seinare kjem han igjen i lange klyv mot dødlinja, legg eit perfekt innlegg til Hallvard som styrer ballen i mål. 1-0 til Suldal ved pause.

Gode dødballar frå Gunnar Klungtveit

I starten av 2. omgang er Suldal nær ved å gå opp til 2-0 på ei heading av Hallvard etter corner. I staden vartar Trott opp med eit godt angrep som endar opp med eit innlegg til ein umarkert spelar inne i Suldal sin 16-meter. Han set ballen sikkert i mål: 1-1. Like etter får Suldal ein ny corner som og endar opp med ei heading like over, denne gong av Ingvald. Og kort etter gjentek dette seg: ny presis corner frå Gunnar Klungtveit og ny heading utanfor. Men mellom desse cornerane klarer Trott det Suldal slit med: å score mål. Dei set inn 2-1 etter eit angrep som er meir eller mindre ein kopi av 2-1 –målet. Innlegg frå kanten til ein umarkert spelar, som enkelt puttar ballen i mål.

Mot slutten av kampen klarer Suldal å heve intensiteten i spelet sitt noko, men sluttspurten kjem for seint.  Tellefeil i forsvarsspelet ved 2 høve og manglande evne til å score på sjansane vert dermed avgjerande for resultatet denne gongen.

Troppa har som kjent vorte mindre etter spelaravgang i løpet av sommaren. Mot Trott var me derfor heldige å få låne Christer Hansen frå A-laget som erstatning for vår egen Terje Åsland Nevøy som er ute med skade.

Lang tid til kvile etter 24 mils busstur tur-retur  Stord vart det ikkje for Suldalsgutane denne gongen: allereie før kl 0800 laurdag morgon stillte alle mann opp på dugnad for laget sitt på Møgedalsmarknaden. Då gjorde dei ein framifrå jobb som parkeringsvakter heile dagen. Bra jobba!

 Mål 0-1 38 min: Hallvard Erfjord

1-1  49 min Trott

2-1 57 min Trott

 

 Lag: Lars Kristian Bakka, Njål Håranes Eide,  Johannes Wigestrand , Pål Erik Jelsa Landsnes, Karl Georg Erfjord, Gunnar Klungtveit, Christian Smithson, Ingvald Sandvik Halgunset, Christer Hansen, Hallvard Erfjord, Lars Lavalette 

 

Innbyttarar:, Stian Jelsa, Håkon Førre Vanvik