Ingvald jobba og sleit og fekk fortent bestemannsprisen i dag, men det nytta så lite...

Dette var ein vere-eller-ikkje-vere-kamp for Suldal i 5. divisjon.

Motstandaren i dag var eit lag me måtte ta tre poeng mot for å framleis ha eit reelt håp om ny kontrakt i divisjonen me har spelt i dei siste åra.

Kvar og ein måtte inn i seg sjølv og finne sitt fighterhjarte. Det var ikkje noko hokus pokus ved denne kampen. Me måtte ha ein indre vilje til å vinne denne kampen, og vise at me har noko i 5. divisjon å gjere. Det var alt som skulle til, og likevel vart det så vanskeleg…

Laga var stort sett jamgode i 82 minutt av kampen. Begge lag hadde sjansar, spelet gjekk fram og tilbake over den flotte grasmatta, og me kunne like godt fått mål først.

Heimelaget var først frampå med eit innlegg alt i første minutt, men heldigvis gjekk ballen utanfor. Etter fire minutt var det vår tur. Bjørn M. Steine sette fart på høgrekant og la inn hardt og flatt inn mot mål. Der kom både Sigurd Slåtto og Tommy Espe skliande ein augneblink for seint til å tuppe ballen i over mållina.

Ti minutt seinare var Sigurd frampå igjen, kjempa seg inn i feltet og skaut, men keeper fekk slått ballen over. Så var det S-V94 sin tur til å setje oss på prøve, først med eit nytt innlegg som gjekk rett gjennom feltet, og så eit gjennomløp som Ingve Berge redda meisterleg då han var vaken og tidleg ute i feltet.

33 minutt ut i omgangen kom vår aller største sjanse. Tommy kom åleine gjennom og hadde berre keeperen til vertane mellom seg og målet. Det som skulle ha vore 1-0-leiing til oss, slo så hardt tilbake. I staden for mål til oss, redda keeper og i kontringa kom ein diskuterbar situason: Skjoldar-Vats 94 fekk eit par kjempesjansar inne i 5-meteren vår, men Ingve fekk til slutt kontroll på ballen. Så bles dommaren for mål. Korleis han kunne sjå det frå midtbanen er framleis ei gåte. Om det var mål eller ikkje kan heller ikkje underteikne seie, men eg stod i alle fall nærare situasjonen en pipeblesaren. Ein god regel er at ein ikkje skal dømme på ting ein ikkje ser. Våre spelarar seier at ballen langt frå var inne, heimelaget seier at den var inne. Ei irriterande avgjersle frå ein elles god dommar. På ein måte godt at denne situasjonen ikkje vart avgjerande til slutt.

Me hadde sjanse til å utlikne før pausen då bestemann i dag, Ingvald S. Halgunset, braut gjennom forsvaret og var på veg åleine mot keeper. Rett utanfor straffefeltet vart han felt, og me fekk frispark. Det tok Ørjan Underbakke, men keeperen deira plukka dette ganske greitt.

I pausen vart me einige om at me berre skulle halde fram med det me gjorde, for det var mykje lovande.

Andre omgang starta, fem minutt gjekk, og så svartna det heilt for oss i åtte minutt. På denne korte tida kontra heimelaget inn to mål, spelte fint og runda keeperen vår slik at det vart mål og skaut eit langskot i mål. Vips så var kampen over, og kanskje og sjansen til å halde plassen i divisjonen. To kampar igjen. Dersom Bremnes 2 vinn ein av kampane sine, så er eventyret i 5. divisjon ute for denne gong…

Under faktadelen kjem nokre bilete frå kampen. Suldal og Skjoldar/Vats 94 har like drakter, og dermed måtte me spele med blå vestar.

Fakta:

Mål:

34 min, 50 min, 51 min, 56 min, 58 min: Skjoldar/Vats 94

Kort:

Ingen

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Ingvard S. Halgunset

2 poeng: Tor Arne Sigstad

1 poeng: Sigurd Slåtto

Lag:

Ingve Berge -Nils Arne Moe, Rune Andre Laugaland, Tor Arne Sigstad, Dagfinn

Nærheim – Bjørn M Steine, Ingvald S Halgunset, Ørjan Underbakke, Jone Utbjoa – Sigurd Slåtto, Tommy Espe

Innbyttarar: Christer Hansen, Sigvart Vårvik, Sindre M Steine