1975, Vinjar skule sitt skulelag. Suldal - Hjelm 1-3

Utflytta suldøl Tor Kåre Fisketjøn har mange gode minne frå tida si i Suldal IL.

I dag bur han på Bryne, og derfor er det og nokre bilete som kan knytast til Bryne IL.

Desse glimta, og andre som etter kvart kjem inn, vil du kunne finne heilt øvst i menyen til venstre under kategorien Nokre glimt frå tidlegare tider i Suldal IL.

Tor Kåre fortel:

«Fotball og Volleyball var det stora – ska eg trekka fram to namn så må det bli Oddvar Mehus som lot oss få spela møkje fotball på skulen i gymtimane og i friminutta. (Hadde jo ikkje organisert trening på ettermiddagen før me var 15-16 år og fekk vera med A-laget.)

Og Paul Magne Stangeland skylde me ein store TAKK for engasjemanget for volleyballen. Han skaffa oss treningstid inne i samfunnshussalen – han var med på kampar og turneringar. Veldig mange gode minner frå volleyballen.»

Klikk på eitt av bileta for å få lysbileteframsyning.