Det hjalp ikkje sjølv om Vidar "Brattbakk" Ritland slo til igjen.

Det  vart ein ny, jamn kamp mot Vardeneset 3, men når me ikkje skårar mål på sjansane så enda det med tap mot laget som kjempar om serietoppen.

Oppvarminga vart moglegens noko amputert i dag, sidan me var tv-stjerner for ein dag. Nrk Rogaland driv og lagar ein reportasjeserie om breddefotball, og Suldal IL har fått besøk både i Suldal og nå i kveld i byn. Så får me sjå kva resultatet av det blir.

Kampen starta med ein god sjanse for oss i første minutt, men kontringa resulterte i mål bakover. Skulle det bli mange mål i mot? Heldigvis kom me fort i gong igjen med spelet og produserte mange sjansar i medvinden. Både Audun Hilde og Bjørn Vidvei hadde gode forsøk, men ballen ville ikkje inn. Det var Vidar «Brattbakk» Ritland som måtte til for å få mål. Sindre M. Steine skaut frå omlag midt på banen, skotet gjekk langs bakken, fann ein feilvendt Vidar på 7-meteren som flikka ballen i mål med hælen til utlikning. Resten av omgangen var det me som hadde størst sjansar, og det som kom andre vegen rydda ein opplagt Inge Lunde i mål opp i.

I andre omgang skulle me berre halde fram med det me gjorde, og i tillegg vere kjappare oppi situasjonane. Det gjekk berre slik måteleg. Vardeneset 3 tok meir og meir over, det var dei som hadde medvind nå og fekk eter kvart overtaket. Dei skåra to fine mål på godt samspel, og i slutten kontra dei inn 4-1. Våre forsøk i andre omgang vart sporadiske, og det meste me skapte kom etter iherdig innsats av Sigurd Slåtto. Dessverre vart Sigurd for åleine, og kampen enda med eit unødvendig tap.

Fakta:

Mål:

1-1: Vidar Ritland

Kort:
Ingen

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Sigurd Slåtto

2 poeng: Inge Lunde

1 poeng: Bjørn Vidvei

Lag:

Inge Lunde – Vidar Hilde, Audun Hilde, Tore M. Steine, Ørjan Underbakke, Bjørn Vidvei, Sigurd Slåtto, Sindre M. Steine, Vidar Ritland, Bjørn M. Steine.