Blide målskorarar i kampen mot Sveio: Hallvard Erfjord og Christian Smithson

 

 Det vart målrikt i den siste kampen denne sesongen for Suldalsgutane. Dessverre kom dei fleste måla feil veg. Kampen vart spelt i Sauda på grunn av manglande lysanlegg på banane i Suldal. Etter sommarelege forhold i førre veke var det vermessig tilbake til kvardagen i kampen mot Sveio torsdag kveld.

 

Snøen låg langt nedover liane over Saudafjorden og vindusviskarane på Toppvolleybussen hadde si fulle hyre med dei kvasse regnbygene.

Gutane var likevel innstilte på å avslutte sesongen på ein god måte. Og ser me på prestasjonen til laget denne kvelden er det ingen tvil om dette er noko av det beste dei har vist denne hausten. Når det likevel vart eit klart tap skuldast det i hovudsak feil begått i nærleiken av eigen og motstandaren sin 16-meter og ikkje minst at Sveio hadde ein spiss som skora på ALT. Mellom 16-meterane var det Suldal som regjerte og styrte kampen omtrent frå start til slutt.

Suldalsspelarane kom godt i gang og viste tidleg at dei hadde tenkt å trø til i denne kampen. Nokon klare sjansar vart det likevel ikkje før etter 10 minutt då Sveio bryt eit Suldalsangrep og set full fart framover. Ingen får sett inn noko takling på ballføraren og kort tid etter ligg ballen i mål. Bare 3 minutt seinare gjentek  noko liknande seg: For svakt press, taklingsvegring og dermed får Sveio sin effektive spiss enkelt sette inn 0-2!

Suldal viser god moral og jobbar hardt etter denne kalddusjen. Det er små marginar som gjer at gutane ikkje klarer å kvittere t.d på eit par gode cornerar frå Gunnar Klungtveit, som fortsette trenden med å slå gode dødballar frå førre kamp.

Og etter ein liten halvtime skal det endeleg lukkast: Hallvard Erfjord mottek ein stikkar på eigen banehalvdel, og medan Sveioforsvaret strekker armane i veret og ropar på offside, fossar han fram mot mål. Åleien med keeper gjer han ingen feil. 1-2! Og bare minuttet etter er Suldal svært nære utlikning, men den gode Sveiokeeperen reddar skotet frå Christian Smithson. Resten av omgangen er det Suldal som har grepet om spelet. Angrep på angrep vert rulla opp både på venstresida ved Lars Lavalette og på høgresida ved Gunnar Klungtveit, men ballen vil ikkje i mål dessverre.

Mørkt, vått og kaldt på Sauda stadion, heimebane for anledningen

I pausen har alle god tru på at dette kan det bli poeng av, dersom me unngår unødvendige feil i forsvar og vert meir effektive framover. Spelet og innsatsen er i aller høgste grad til å glede seg over.

2. omgang starta som den første slutta. Suldal styrer kampen. Men så var det dette med å vere konsentrert i avgjerande situasjonar då: Ei svak klarering frå Suldal og eit presist gjennomspel frå Sveio sin midtbane havnar begge hos Sveio sin ufatteleg effektive spiss. Dermed står det 1-4. Suldal skal ha skryt for at dei ikkje gir opp. Tvert imot er det som i første omgang Suldal som har grep om banespelet. Dette resulterer i flust med sjansar. Men ballen går utanfor, på keeper eller skota vert blokkert. Ballen vil ikkje inn!

Bare for å gni det inn skorar Sveio sitt femte mål på sine 6 eller 7 sjansar, medan Suldal som har produsert eit tosifra antal målsjansar må ha straffespark for å få inn ei redusering. Dermed endar det 2-5 i ein kamp der Suldal var gode i alt bortsett frå dei 2 tinga som er viktigast i fotball: skore sjølv og hindre motstandarene i å skore.

Då er sesongen i 2 divisjon over. No ventar ein velfortent haustferie før me kryp innandørs til balltrening på sand og parkett på Sand.

 Mål 0-1: 8 min Sveio

  0-2: 11 min Sveio

  1-2: 28 min Hallvard Erfjord

  1-3: 47 min Sveio

  1-4: 50 min Sveio

  1-5: 60 min Sveio

  2-5: 65 min Christian Smithson

 

 Lag: Lars Kristian Bakka, Stian Jelsa, Johannes Wigestrand , Pål Erik Jelsa Landsnes, Karl Georg Erfjord, Gunnar Klungtveit, Christian Smithson, Ingvald Sandvik Halgunset, Lars Lavalette, Hallvard Erfjord, Terje Åsland Nevøy

 

Innbyttar: Njål Håranes Eide