Siste kamp for sesongen var ein kamp som i

Tor Arne er kaptein i sin siste kamp for Suldal.

kkje betydde noko særleg for nokon av laga, anna enn ære og å få ei god oppleving. Ølen var klar for opprykk, og Suldal sin plass på botn av tabellen var og setla.

Tidlegare har haustkampane vore prega av sorpe og sklitaklingar, men i år vart det finspel og etterkvart fest for heimelaget. Det er ei anna verd å kunne spele kampar i oktober på perfekt underlag, og det viste suldalsspelarane til gangs i denne kampen. Det kan godt hende at gjestene ikkje tok så alvorleg på denne kampen, at dei ikkje var fokuserte sidan opprykket alt var sikra. Likevel så skal ikkje det ta frå oss den prestasjonen me avslutta sesongen med. For ein gong skuld så hadde alle spelarane dagen, me skåra på sjansane og me fekk ikkje mål i mot på konsentrasjonssvikt og slump.

Før kampen bestemte me oss for å gjere noko med dei to skarpaste angrepsvåpna til Ølen: Vingane og den sentrale midtbanespelaren deira. I bortekampen i vår herja desse med oss, så det var avgjerande at me fekk hindre desse i å lukkast. Utover kampen skulle det vise seg at det greidde me til gangs. Dagfinn Nærheim storspelte på venstrebacken og sette vingen fullstendig ut av spel, og på midten jobba Ørjan Underbakke og Ingvald S. Halgunset glimrande saman slik at det ikkje var all verda kapteinen og storspelaren til Ølen fekk gjort. Etter kvart var det vår duo som gjorde dragningar og serverte ballar på sølvfat.

Christer Hansen har i år som i fjor funne haustformen og har hatt nokre gode kampar i det siste. Han starta flott i dag og, og i løpet av dei første 13 minutta hadde han to flotte gjennomløp frå høgrekanten sin med påfølgande avslutningar. Den første for utanfor mål, men den andre hadde fortent skåring. Skotet gjekk hardt nede langs bakken, men på eit mirakuløst vis var bortelaget sin keeper lynraskt nede og redda.

Nybakt far Jone skåra fire mål i dag!

Tjue minutt ut i kampen hadde Ingvald eit skot utanfor på ein retur, og i denne situasjonen vart spissen vår Tommy Espe skada slik at han måtte ut. Inn kom Sindre M. Steine, og det skulle vise seg å vere eit smart trekk. Ørjan slår inn i feltet, Sindre stig til vers, vinn ein hovudduell og serverer Jone Utbjoa som frå sju meter set ballen i mål på volley. Tid for Bebeto-feiring – og det skulle ikkje bli den siste feiringa til den nybakte faren i dag…

Resten av omgangen gjekk spelet fram og tilbake utan dei heilt store sjansane. Ølen kom meir med i kampen og nærma seg utlikning, men det sentrale forsvaret og keeper hadde massevis av rutine til å stå imot det meste. Bakerst stod Erik W. Vold ein svært god kamp i mål, og føre seg hadde han Thomas Brustveit og Tor Arne Sigstad som var tøffe og tidleg i duellar før sjansane vart for store.

Tor Arne var kapteinen vår i denne kampen, det var det ein god grunn til. Dette var siste kampen som spelar for Suldal. Tor Arne legg opp ei lang og god fotballkarriere i suldalsfotballen, og vil bli sakna når han nå legg fotballskoa på hylla. Tusen takk for innsatsen, og det kjem nok ei eiga sak om pensjoneringa på heimesida vår.

Ølen vart altså farlegare, og rett før pause fann dei nettmaskenen då ein raudkledd fekk til eit solo-raid og sette ballen i mål. Eit dumt tidspunkt for utlikning, men me lot oss ikkje knekke.

Andre omgang vart berre kjekt. Endeleg var me effektive, eller det vil seie: Jone var effektiv! I helga vart det slått stort opp at Ronaldo skåra hat-trick på 14 minutt. Jone var ikkje langt unna same prestasjonen då han putta tre mål på 17 minutt i andre omgang. Når han i tillegg hadde eit mål i første omgang, må ein vel seie at han overgjekk portugiseren denne helga.

2-1 kom åtte minutt ut i omgangen: Sigurd Slåtto slår inn framfor mål, og Jone set fram foten og får ballen i mål. Fire minutt seinare fossar høgrebacken vår Terje Gjuvsland heilt fram til dødlinja, slår inn og finn Jone; 3-1. Og 25 minutt ut i omgangen set Jone ein straffe sikkert i mål etter at Sigurd hadde kjempa seg til eit straffespark. Kanskje må me sørge for å ha nybakte fedre på banen i kvar kamp neste år?

Ølen hadde sine sjansar til å hengje med i protokollen, det skal seiast. Dei hadde nokre store forsøk som dei sette utanfor, og Erik redda oss og ut av nokre kniper med gode redningar. Men ettersom klokka gjekk, verka det som at me hadde kontroll på kampen.

Mot slutten av kampen gjorde me nokre bytte. Hans Erik Svennes kom inn og fekk avslutte si karriere som a-lagsspelar. Han har ikkje vore med noko særleg dei siste sesongane, men han var pådrivar for å få kunstgras i Prestavikjo og då skulle det berre mangle at han ikkje fekk seg nokre obligatoriske minutt på underlaget.

Lars Lavalette gjorde ein fin debut på a-laget.

I andre enden av karriera er Lars Lavalette. Han har gjennom godt spel på G16-laget og på trening vist seg fortent ein debut, og den kom han svært godt frå. Lars var kald og roleg på venstrebacken og slo gode pasningar. Det kan godt bli fleire kampar på denne karen til neste år.

Eit anna litt uvanleg innhopp gjorde Ingve Berge. Han har hatt ein god sesong og vist fin utvikling i mål i år. I dag ville han prøve seg litt ute på banen sidan Erik stod i mål, så Ingve avslutta sesongen som venstreving og kom godt i frå det.

Rett før slutt var det nære på at me fekk ei for god avslutning på sesongen enn ein skulle tru var mogleg. Eit innlegg kom dalande mot Ølen sin bakre stolpe. Ballen hang og venta og venta. Ein lang, lang kropp kom i store kliv. Eit snauklipt hovud nærma seg ballen. Panna og lærkula møter kvarandre ei eit perfekt samanstøt. Skulle Tor Arne Sigstad avslutte karriera med eit mål i siste minutt?

Ballen ligg der. På utsida av målet. Utanfor banen. Etter å ha truffe nettveggen. Her får ballen liggje til neste år, og Tor Arne fekk likevel ei særs verdig avslutning…. Kva divisjon resten av spelarane spelar i neste år, er endå uvisst, sidan alle nedrykk i divisjonane over ikkje er klare endå. Det kan bli 5. div, og det kan bli 6. div.

Fakta:

Mål:

22 min: 1-0: Jone Utbjoa

44 min: 1-1: Ølen

53 min: 2-1: Jone Utbjoa

57 min: 3-1: Jone Utbjoa

70 min: 4-1: Jone Utbjoa

83 min: 4-2: Ølen

Gule kort:

Terje Gjuvsland, Ørjan Underbakke og to til Ølen

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Jone Utbjoa

2 poeng: Tor Arne Sigstad

1 poeng: Dagfinn Nærheim

Lag:

Erik W. Vold – Nils Arne Moe, Tor Arne Sigstad, Thomas Brustveit, Dagfinn Nærheim – Christer Hansen, Ørjan Underbakke, Ingvald S. Halgunset, Bjørn M. Steine – Jone Utbjoa, Tommy Espe

Innbyttarar: Sindre M. Steine, Terje Gjuvsland, Sigurd Slåtto, Ingve Berge, Lars Lavalette, Hans Erik Svennes