Bestemann og tre mål: Ørjan.

Vidar Hilde og Jon Bråtveit var ikkje med på denne kampen, så Thomas Brustveit var leiar. Referatet er det Sindre M. Steine som står for:

Suldal starta kampen veldig bra og hadde fleire sjansar. Utav ingenting fekk Øyane eit enkelt mål servert av forsvaret til Suldal. Etter dette tok Øyane over spelet, men målvakten til Suldal henta ut to gode redningar og Øyane gjekk til pause med eit mål leiing.

I pausen fann me ut at me skulle legge om spelestilen, men dette gjekk dårleg og Øyane tok kontroll på kampen frå start og fekk eit tidleg mål. Då brølte Bjørn frå sidelinja at me skulle skifte om til slik som me starta kampen. Alle spelerane bytta posisjon i det angrepet gjekk, så det såg ut som ein bisverm som var i angrep. Dette resulterte i at Suldal fekk eit mål og var med i kampen igjen.

Rett etter gikk Øyane rett i angrep og skåra to altfor enkle mål.

Keeper, referent og poeng frå Vinjar Låjen: Sindre

Plutseleg vakna eit eller anna i Suldalsgjengen og dei varta opp med brasiliansk klikk-klakk fotball med tre spelerar på volley og ballen havna i mål. Sigurd varta opp med langskudd som gjekk i mål og stillinga blei 4-4. Øyane skåra rett etter og var igjen i førarsetet.

Suldal skåra så to kjappe mål og så dukka Vidar opp på siste i den vanlige Brattbakk-stilen.

Ein ny siger på Suldalsgjengen i byn. I morgon ventar Tjensvoll 2 der me skal spele 4 x 20 minutt delt på to kamper.

Fakta:

Mål:
3 mål: Ørjan Underbakke
3 mål: Sigurd Slotto
1 mål: Vidar Ritland
1-0
2-0
2-1
3-1
3-2
4-2
4-3
4-4
5-4
5-5
5-6
5-7

Vinjar Låjen sine poeng:
3 poeng: Ørjan Underbakke
2 poeng: Sigurd Slåtto
1 poeng: Sindre M. Steine

Lag:

Sindre M. Steine – Audun Hilde, Terje Gjuvsland – Bjørn Vidvei, Sigurd Slåtto, Vidar Ritland – Ørjan Underbakke
Innbyttarar: Tore M. Steine, Thomas Brustveit