Toppskårar 2011: Jone

Toppskårar i sesongen 2011 på Suldal 1 vart Jone Utbjoa, og han hadde ikkje særleg til konkurranse.

Jone slutta seg til oss på tampen av sesongen i fjor, og såg då ganske så målfarleg ut. Det starta ganske godt i år og, då han skåra to mål mot Ferkingstad og ordna en første sigeren vår i sesongen.

Så vart det litt frustrasjon i ein del kampar. Jone hadde kampar der han herja på kanten sin, men utan å få mål. Han hadde og nokre gode frispark som hadde fortent å gå inn, med anna ei kanon i treverket mot Halsnøy.

Når ein målskårar ikkje finn nettmaskene, så kan ein fort bli litt stressa. Det var likevel ikkje andre som gjekk forbi karen frå Ropeidhalvøya – nå Steine. Ingen andre på laget greidde å lage meir enn to mål i år, så då det løsna for Jone i haust, var det ikkje tvil om at han kom til å gå av med tittelen. To mål mot Falkeid og eitt mål mot Bremnes 2 gjorde at det før siste kamp stod fem mål i målprotokollen.

Det er vel kjent for dei fleste at Jone vart far i veka før den siste kampen for sesongen heime mot Ølen. For å feire dette, putta den nybakte faren alle fire måla våre mot serievinnaren og gav oss ei fin avslutning på sesonge. Toppskåraren i år enda dermed på ni mål, og det er på ni-ti mål vinnaren av denne tittelen har lege dei siste åra. Me skulle berre hatt fleire som kjempa om denne kåringa.

Gratulerer uansett til Jone, og takk for innsatsen!