No er det tid for å sette av datoane til årets skikarusellar:
- karusell måndag 30.01.12 – kl. 18.00 – klassisk- arr. Suldal IL
- karusell tysdag 14.02.12 – kl. 18.00 – fristil – arr. Erfjord IL
- karusell onsdag 29.02.12 – kl. 18.00 – klassisk – arr. Nesflaten IL
- karusell torsdag 15.03.12 – kl. 18.00 – fristil – arr. Suldal IL
Skikarusellane har lange tradisjonar i Suldal og vi håper på minst like god oppslutning i år som tidlegare. Alle som gjennomfører 3 av 4 renn får premie. Dersom eit renn må avlysast vert det annonsert på nettsida og ein prøver å arrangere det veka etter.
Ein kan velje om ein vil gå på tidtaking eller i trimklassen utan tidtaking. I trimklassen møter ein opp, registrerar seg og får startnummer før ein sjølv bestemmer kor langt ein vil gå. Dei som vil gå trim må gjerne møte opp tidlegare, da er det betre plass i løypene og kjekkare å gå. Trimklassen er ikkje berre for dei yngste, men passar og godt for alle som likar å ta seg ein liten skitur og så kan ein avslutte med ein god drøs og kopp kaffe inne på Gullingenhuset.
Frå 1. klasse kan ein velje å gå på tidtaking. 1-4 klasse får opplyst tidene sine men vert ikkje rangert på plassering. Frå 5klasse vert resultata rangert. Alle som gjennomfører 3 av 4 renn vert premiert likt uansett kva klasse ein har gått i.
Påmelding med navn, alder og om ein ynskjer tid/trim, innan laurdag 28.01.12 til ski@suldal-il.no
Synes du skikarusellene er kjekke? Da anbefaler vi deg Suldalsrennet i friteknikk laurdag 4.02.12 på Gullingen. Samme løypelengder og klasser som på skikarusellene og full premiering i alle årsklasser til og med 16 år. Påmelding til samme adresse: ski@suldal-il.no