Det er ein heil gjeng som har spelt kampar for Suldal IL sitt a-lag sidan starten i 1977.

Det er fleire som har vore involverte i å finne fram til kven som har aksla suldalstrøya, men me har heilt sikkert gløymt nokon. Skulle du finne nokon  som manglar, håpar me at du er kjapp på e-posten og gir oss tips: nettansvarleg@suldal-il.no

Namna femner frå innbarka suldølar til innflyttarar, annelggsarbeidarar og utlendingar. Felles for dei aller, aller fleste er at dei på eitt eller anna vis har knytta band til Suldal og fotballaget vårt.

Suldal IL har hatt a-lag i to periodar; 1977-1988 og 1991 ->. I åra det var opphald, var mange med og spelte for Sand sitt a-lag.

Me har kryssa ut for om spelarane har spelt i 1. perioden 1977-1988 eller i perioden 1991-2008. Frå sesongen 2009 har me oversikt kamp for kamp og ført opp kor mange kampar kvar enkelt har for både Suldal 1 og Suldal 2.

Det har vore ei utfordring å finne ut alle spelarane, men det har underleg nok vore ei minst like stor utfordring å finne ut kven som har vore trenar frå sesong til sesong. Her er me sanneleg ikkje sikre på om me har truffe rett trenar på rett årstal. Er det nokon som har betre oversikt enn oss, nøl ikkje med å sende inn ei melding!

Spelarar og trenarar for Suldal a-lag 1977-> finn du på denne lenka.

Frå 2009 har me som nemnd nøyaktig oversikt over spelarane sine kampar og mål, og desse får si eiga side: Adelskalenderen Suldal IL 2009 -> og Toppskårarlista Suldal IL 2009 ->. Desse sidene vil bli oppdaterte etter sesongslutt kvart år. Denne sida vil sjølvsagt og bli oppdatert ein gong i året.

Lista finn du i menyen til venstre under a-lag, eller klikk her.