3/4 av forsvarsrekka mot Sauda: Stian, Mikkel og Pål Erik spekulerer på korleis dei skal knekke Saudakoden

Påskeferien  er knappast  tilbakelagt og universalklisteret heng i tjukke lag under skia. Men for somme kan fotballsesongen aldri starte tidleg nok! Og etter tallause timar på  parketten i Suldalshallen i vinter og tri treningskampar i vår var serien endeleg i gong. Og etter eit spennande lokaloppgjer drog Suldalsgutane sigeren  i land mot Sauda.

Men det  starta med nokså rufsete spel både framme og bak på banen. Feilpasningar, svake mottak, og sjansesløseri hjå begge lag gjorde at det vart noko Hawaii-preg over førsteomgangen. Eller hiakka hoakka som somme på Haugalandet seier. Det var likevel Sauda som kom best utav det i starten. Først skora dei på eit langskot. Like etter opplevde  Mikkel Wigestrand  det same som kollega Indridi Sigurdson i Viking seinare på kvelden: Eit ufarleg skot sneier borti foten, får ei retningsforandring og trillar i mål inne ved stolperota. Det står 2-0 til Sauda etter eit kvarter

Men Suldal bruker ikkje lang tid på å kvittere. Etter 18 minutt er det frispark like utanfor 16-meteren. Medan Saudaspelarane er opptatt med å  organisere muren skyt Ingvald Halgunset ballen i mål via stolpen. Og no har Suldal fått meir grep om kampen. Fleire fine angrep vert rulla opp og på eit av dei får Terje Nevøy plassert ballen i mål etter innlegg frå Hallvard Erfjord. Ikkje lenge etter er det Johannes Wigestrand som dreg fram høgreslegga og dundrar inn 3-2 til Suldal. Men leiinga varer ikkje til pause. Etter forsvarsrot med svake klareringar utliknar Sauda på eit langskot.

Målskorarar: Christian, Hallvard, Johannes, Terje, Ingvald

Etter ein jamnspelt førsteomgang er det suldalsgutane som tek over kampen etter pause. Etter fleire store sjansar er det Christian Smithson som sender Suldal i føringa på ny. Sauda gir ikkje opp og dei har sine sjansar til å utlikne. Kampen vert ikkje avgjort før heilt mot slutten. Suldal trykker på og til slutt er det 2 presise kornerar frå Sander Deilkås som vert avgjerande. Den første klarer Hallvard å pirke i mål ved første stolpe. Den andre stongar Ingvald i nota. Sauda reduserer heilt på tampen, men Suldal vinn fortent.

Kampen bekrefter at den offensive slagkrafta er god. 6 mål av 5 ulike målskorarar er bra. Så får heller den defensive tryggleiken kome etter kvart.

Neste kamp er heime i Prestevikjo  mot Sveio tysdag 17 april

Mål:

1-0: Sauda

2-0: Sauda

2-1 Ingvald Halgunset

2-2: Terje Nevøy

2-3:  Johannes Wigestrand

3-3: Sauda

3-4 Christian Smithson

3-5: Hallvard Erfjord

3-6: Ingvald Halgunset

4-6: Sauda

 

Lag: Oddbjørn Lund, Stian Jelsa, Mikkel Wigestrand, Pål Erik Landsnes, Lars Lavalette, Terje Nevøy, Ingvald Halgunset, Johannes Wigestrand, Christian Smithson, Hallvard Erfjord, Tim

Innbyttarar: Karl Georg Erfjord, Peterson Tijhuis, Sander Deilkås,,Håkon Vanvik.