Ingvald vart bestemann i dag.

Det vart ein tøff sesongstart mot Forsand. Fire mål imot og ingen nettkjenning rett veg for oss.

Dermed vart ikkje opningskampen slik me hadde håpa. Me stilte mannsterke og med ei god oppleving frå sist treningskamp, men me visste at det ville bli tøffare i dag.

Kampen opna ved at Forsand tok kommandoen, sjølv om me alt etter fire minutt hadde ein god sjanse til å ta leiinga då Øyvind Gjuvsland skaut over frå god posisjon. Det var dei som trilla ballen kjappast, og det var tydeleg at dei hadde eit innøvd spelemønster.  Den viktigaste jobben frå start av vart derfor å halde Forsand lengst mogleg frå Ingve Berge i målet vårt. Dette gjekk etter måten godt, og me kom meir med i spelet utover omgangen.

Tjue minutt ut i omgangen hadde me vår andre store sjanse då Tor Olav Berge slo ein lang, god krossball fram til Bjørn M. Steine, men til liks med Øyvind, skaut også Bjørn over mål. Siktar de på Fisketjønsvardane, gutar?

Det såg ut til å bli ein tett, jamn kamp utfrå den første halvtimen, men så fekk gjestene det forløysande første målet. Det kom då dei sette fart, kom ned til dødlina, skar inn mot mål og skaut hardt på næraste stolpe. Ballen lurte seg inn mellom stolpen og keeperen vår, og litt mot spelet sin gong tok Forsand leiinga.

Ny sesong gir nye debutantar. I dag var det Johannes Wigestrand som fekk sin debutt på a-laget. Det kom han bra ifrå.

Me gav oss likevel ikkje og jobba godt og tolmodeg på jakt etter utlikning. Den kom dessverre ikkje, og sjølvsagt fekk Forsand 2-0 i staden rett før pause på ei kontring. Forsand var gode då dei sette fart, og dei hadde ein spiss som var sterk og god til å halde på ballen og spele fram kjappe folk frå midtbanen. Her hang me ikkje skikkeleg med.

Me var mange tilgjengelege spelarar i dag, og gjorde ein del byte frå pausen og utover i omgangen. Ingvald S. Halgunset kom inn og tok bra fatt i kampen, såpass bra at Vinjar Låjen kåra han til bestemann i dag. Det var vanskeleg å vite korleis ein skulle komponere midtbane og angrep denne dagen. Det evig spørsmålet er om me skal sikre oss defensivt og ha tre mann sentralt på midten og dermed miste litt trykk framme med berre ein spiss, eller om me skal ha to spissar som kan føre til større offensivt press. I denne kampen valde me å vere sikre på å vinne midtbanen, om det var rett eller feil, sjå det er ikkje lett å  svare på.

Kampen stod og vippa lenge, eigentleg heilt fram til 2-0-skåringa deira, og sjølv om det er surt med mål imot rett før pause, så skulle det berre eitt mål til før me var med i kampen igjen. Målet kom faktisk og, ganske tidleg i andre omgangen. Berre så synd at Tor Olav beina eit innlegg rett framfor mål i eige nett slik at det vart tremåls-leiing til Forsand og ikkje redusering til oss. Då gjekk litt av lufta ut av oss og Forsand såg og ut til å slappe litt av. Me hadde tendenser til spel og sjansar, men dei heilt store kom ikkje før etter at Forsand hadde lagt på til 4-0 på eit fint langskot.

Sigurd Slåtto var nærast nettkjenning då han heada eit innlegg frå Nils Arne Moe rett utanfor, men kampen ebba ut med eit alt i alt fortent tap. Målforskjellen var likevel større enn den hadde trunge å vere. Forsand fekk godt betalt, men var hakket betre, raskare og ikkje minst presise enn oss. Dei fann kvarandre med framspela, mens me bomma for mykje slik at me sprang i fine posisjonar utan at ballen kom fram. Då er det tungt å ta løpa tilbake….

Hadde me sett sjansane me fekk tidleg i kampen, kunne det blitt ein annan kamp. Nå fekk me sjå kor viktig det er å vere konsentrerte og nøyaktige, for me blir hardt straffa når me ikkje er det. Me får berre brette opp ermane, til helga blir det ein tøff bortekamp mot Forus og Gausel, før me møter eit heilt sikkert kvassare Hjelmelandlag heime enn det treningskampen viste helga etter det.

Fakta:

Mål:

36 min: 0-1: Forsand

44 min: 0-2:Forsand

51 min: 0-3: Forsand

66 min: 0-4:Forsand

Gult kort:

Odd Åsgeir Lunde

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Ingvald S. Halgunset

2 poeng: Ingve Berge

1 poeng: Nils Arne Moe

Lag:

Ingve Berge – Christer Hansen, Tor Olav Berge, Thomas Brustveit, Nils Arne Moe – Jone Utbjoa, Ørjan Underbakke, Rune Andre Laugaland, Odd Åsgeir Lunde, Bjørn M. Steine – Øyvind Gjuvsland

Innbyttarar: Ingvald S. Halgunset, Sigurd Slåtto, Rune Lovra, Sindre M. Steine, Johannes Wigestrand