Christian storspelte i debuten på a-laget og fekk tre poeng av Vinjar Låjen.

Me kom til Knudamyrå og vart møtt med brus og bananer av kampverten. Dette gav eit godt førsteinntrykk av dagens motstandar Forus og Gausel.

Sjefen sjøl, Jon Bråtveit, hadde teke turen til Berlin og gav då ansvaret for garderobepraten til Tor Olav Berge. I garderoben før kamp snakka me om korleis me skulle fungere i formasjon. Me visste at Forus og Gausel var eit godt lag med raske spissar og vingar, så me starta i ein 4-5-1-formasjon.

Denne formasjonen hadde me også sist helg mot Forsand utan heilt å finna ut korleis me skulle spela. I dag skulle me angripa med fleire folk samtidig. Frisparka skulle slås hardt inn i 5-meteren framfor keeper. Stemninga i garderoben var lett og positiv, og denne stemninga tok me også med oss ut på banen.

Me har i kamp etter kamp brukt 5 til 10 minutt på å komma i gang med kampen, og dette viste seg også å vera realiteten i dag. Mot eit så bra lag som Forus og Gausel straffar dette seg, og etter 10 minutt låg me allereie under 2-0. Men stemninga i Suldalslaget var god, og me fortsatte med heva hovud. Utover omgangen tok me mykje meir over banespelet og skapte fleier gode sjansar til å scora mål. Men som før så sleit me med å omsetja sjansane våre i mål. I staden var det heimelaget som scora eit mål til. Dette var litt mot spelet sin gong, men når me ikkje klarer å setja sjansane våre, klarer me heller ikkje vinna fotballkampar. Fleire mål vart det ikkje i første omgang.

I pausen snakka me om å ta med oss det gode spelet vårt inn i andre omgang, samtidig som at me måtte vere effektive framfor mål. Det fjerde målet i kampen skulle også komme i ein god suldalsperiode. Nok ein gong var det Forus og Gausel som fekk gleda av å feira. Mange lag ville bukka under og kanskje mista gløden av å liggja under 4-0 i ein kamp der me hadde fortjent å få mål, men me fortsatte kjempinga og det gode spelet. Vårt mål skulle komme på eit av fleire frispark som vart slått hardt inn i motstandaren sin boks. Det var heller ikkje ein suldalsgut som var sist på dette målet, men ein av forsvararane til Forus og Gausel som var uheldeg og sette ballen i eige nett. Dette målet gav oss ei god vitamininnsprøytning og me stod på og produserte fint banespel og gode sjansar. Sjøl om me førte denne kampen i store deler av oppgjeret, var det Forus og Gausel som skulle avslutte denne målrike affæra med endå eit mål. Ti minutt før slutt scora dei sitt femte mål. Dette målet skulle eigentleg aldri blitt godkjent sidan angriparen til heimelaget brukte ein særs aktiv arm for å scora. Men målet vart godkjent og oppgjeret ebba ut med ein 5-1 siger til Forus og Gausel.

I dag var det utruleg mykje positivt å ta med seg utover i sesongen. Kampen er noko av det betre me har spelt på lange tider, men me må bare læra oss å setja ballen i mål. Skal ein trekkje fram eit namn i denne kampen, så fell det på debutanten Christian Smithson som storspelte på backplass mot Forus og Gausel sine særs kompetente vingar.

Takkar og Tore Søraas for god coaching på sidelinja.

Neste laurdag klokka 14.45 vitjar Hjelmeland oss i Prestavikjo. Me får satse på at måla kjem og me får med oss tre poeng frå den kampen.

Fakta:

Mål:

4-1: Sjølvmål

Vinjar Lågen sine poeng:

3 poeng: Christian Smithson

2 poeng: Ingvald S. Halgunset

1 poeng: Thomas Brustveit

Lag:

Ingve Berge – Nils Arne Moe,Tor Olav Berge, Thomas Brustveit, Christian Smithson – Jone Utbjoa, Rune Andre Laugaland, Rene Adjemi, Ingvald S. Halgunset, Bjørn M. Steine – Kiko Eldardiry.

Innbyttarar: Sigurd Slåtto, Sindre M. Steine og Johannes Wigestrand