Debutant 1: Anders

Så var det klart for første kamp på byaslaget denne sesongen.

Laget hadde ei positiv avslutning på fjoråret, så det var håp om poeng her i dag. Dessverre var nokre sentrale frå i fjor opptekne, slik at det utover kampen vart litt tynt og eit par lette mål imot heilt mot slutten.

Oppmann, lagleiar, kaptein og for høvet keeper Sindre M. Steine mana til innsats frå start. Litt fukt i kruttet vart det likevel, slik at det var Øyane som kom best i gong og pressa oss bakover. Dette resulterte i 0-1 etter sju minutt. Men så kom me i gong. Me fekk tak i ballen og våga å spele saman. På det viset kom me til eit par store sjansar

Debutant 2: Odd Eirik

utover omgangen. Den første av to store kom då Bjørn M. Steine jobba ballen inn og forserte halve banen før han gav vidare til Ørjan Underbakke. Han lada kanona og fyrte av, men ballen kom i keeperhøgd og vart avverga. Like etterpå dundra Tore M. Steine ballen på innsida av stolpen, men den ville ikkje i mål. Kruttet var turt i denne perioden!

Til pause stod det 0-1, men trenden var positiv. Då var det forterande at Øyane gjekk rett i angrep og sette ballen i mål bak vår keeper i andre omgang Audun Hilde. Kalddusj etter 14 sekund.

Det neste kvarteret var det ganske jamnt, ingen av laga varta opp med det heilt store. Med marginane rett eller feil veg kunne det ha komme til mål for eitt av laga, men dei store sjansane var det ikkje. Det kjekkaste hadde då vore om det var me som fekk mål halvvegs i omgangen. Det vart det ikkje. Dermed stod det 0-3, og litt av lufta for ut.

Suldal hadde nokre sjansar på kontringar mot slutten, men Øyane hadde flest og størst. To minutt før slutt sette dei to kjappe mål, og dermed vart det eit halvstygt resultat i ein kamp som var meir jamn enn resultatet seier. Forskjellen var at Øyane sette ballen i mål, samt at dei greidde å halde høgare tempo mot slutten av kampen og dermed vinne ein fortent siger.

Me hadde to debutantar på a-laget i dag. Odd Eirik Nordmark aksla suldalstrøya for første gong på seniornivå, og Anders Vetrhus hadde sin første obligatoriske kamp på a-laget.

Fakta: 

Mål:

Øyane etter 7, 31, 45, 57, 58 min.

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Bjørn M. Steine

2 poeng: Sindre M. Steine

1 poeng: Anders Vetrhus

Lag:

Sindre M. Steine, Thomas Brustveit, Anders Vetrhus, Ørjan Underbakke, Bjørn M. Steine, Tore M. Steine, Audun Hilde, Odd Eirik Nordmark, Vidar Ritland