Hat-trick på kapteinen i dag!

Så kom første sigeren, med god margin.

Rett før sesongstart vart Hjelmeland sendt heim med 9-0 i treningskamp. Spenninga låg dermed før kampen i om me greidde å nullstille oss og var klar over at ein ny siger ikkje ville komme av seg sjølv. Heldigvis greidde me det. Hjelmeland stilte berre med 11 spelarar denne gong og, mens me var i overkant mannsterke. Dermed vart dei utover kampen trøytte, mens me nok mista litt kontinuitet ettersom det vart mange bytte.

Før kampen tok me ekstra tak i det som fungerte bra i sist seriekamp mot Forus og Gausel. Då var midtbanen flinke til å komme høgare opp og støtte spissen vår. I dag var målet at midtbanespelarane skulle komme seg i skåringsposisjon. Det gjorde dei temmeleg raskt. Før 10 minutt var spelt hadde Ingvald S. Halgunset hatt to store sjansar og Ørjan Underbakke ein. Suldal spelte flott fotball, kom rundt på kantene, spelte fint og med tolmod bak og mangla berre nettkjenning. Øyvind Gjuvsland kunne ha fått mål, Bjørn M. Steine hadde ein stor sjanse, og Jone Utbjoa sitt innlegg burde absolutt vore sett i mål.

Storspel av Jone og kåra til bestemann.

Sidan me ikkje ville skåre, så tenkte Hjelmeland at dei kunne prøve. Midtvegs i omgangen gjekk dei i angrep og avslutta med eit skummelt skot. Det kunne derfor fort vore leiing til bortelaget. Men så, etter 26 minutt kom me med mange mann inn i feltet til motstandaren. Halve laget vårt stod klar for å få ballen i mål, Nils Arne Moe var nok den som kjempa hardast for å få det til, men ballen enda hos Ingvald. Frå ca ti meter fekk han fri bane og hamra ballen i nettaket. Endeleg hol på byllen!

Ut omgangen haldt me fram med fine kombinasjonar, og den friskaste av alle i denne perioden var Jone. Tor Olav Berge slo ein flott ball gjennom til Jone, som fossa mot mål. Meldaren trudde lenge det var vår spelar som sette ballen i mål, men i ein duelle var det visst ein kvitkledd frå Hjelmeland som var sist på ballen til 2-0.

Minuttet etter var Jone igjen frampå på høgrekant og la hardt inn på 5-meteren. Her var Øyvind tøffast og sklei ballen over streken. 3-0. Det fjerde målet kom etter at Ørjan slo ein flott stikkar gjennom til Ingvald. Ungguten, som dominerer på midtbanen, viste at han og kan skåre mål. Åleine med keeper sette han ballen enkelt til side og i mål. 4-0 til pause. Hjelmeland var farlege på hjørnespark dei siste minutta før kvilen, men så mykje meir fekk dei ikkje til.

Solid ryddejobb på midten av Rune Andre.

I andre omgang starta me godt og vann kampen inn i vårt spel. Etter to minutt pressa Øyvind forsvaret deira til å sende ballen i eige mål, og fem minutt etter skåra Jone eit flott mål på lobb etter assist frå Ørjan. Dei to siste måla våre kom etter samarbeid mellom Øyvind og Ingvald. Ingvald var nestsist og Øyvind sist på begge desse, og sjansane kom etter fint driv frå Ingvald gjennom midten og stikkar til Øyvind på godt løp.

Halvvegs i andre omgang hadde me åtte mål, me såg ti-talet blinke i det fjerne og positiv målforskjell på tabellen. Me hadde fleire forsøk, men utteljing vart det ikkje. Me datt litt saman, spesielt då me flytta ein frå midtbanen og opp slik at me hadde to spissar. Då mista me midtbanen. Det vart litt puslete over heile linja, frå klarering til avslutning. Siste tjue minutta var ikkje velspelte, og Hjelmeland kom til tre store sjansar. Den første avverga Ingve Berge meisterleg, den andre sette dei i mål, og den siste misbrukte dei på merkeleg vis.

Kampen ebba ut, med litt misnøye over å sleppe inn mål. Når me likevel fekk summa oss, så må me vere nøgde med svært mykje frå denne kampen.

Vinjar Låjen hadde ein vanskeleg jobb med å dele ut poeng i dag, og det var fleire enn dei som fekk som absolutt hadde gjort seg fortent til ære. Bak held dei motstandarane godt på avstand det meste av kampen, og speler seg fint ut og gir gode ballar framover. På midten både skårar ein mål, gir gode pasningar og vinn ballen i duellar, og framover skårar ein og mål og spelar fine kombinasjonar.

Neste helg er det bortekamp mot Ild. Dei held til på Storhaug og er ein gjeng innflyttarar stort sett frå Hordaland. Helga etter kjem Jarl på vitjing i Vikjo til vanleg tid.

Fakta:

Mål:

26 min: 1-0: Ingvald S. Halgunset (ingen målgjevande)

32 min: 2-0: Sjølvmål (Jone Utbjoa målgj.)

33 min: 3-0: Øyvind Gjuvsland (Jone Utbjoa målgj.)

39 min: 4-0: Ingvald S. Halgunset (Ørjan Underbakke målgj.)

47 min: 5-0: Sjølvmål (Øyvind Gjuvsland målgj.)

52 min: 6-0: Jone Utbjoa (Ørjan Underbakke målgj.)

63 min: 7-0: Øyvind Gjuvsland (Ingvald S. Halgunset målgj.)

68 min: 8-0: Øyvind Gjuvsland (Ingvald S. Halgunset målgj.)

Kort:

Bjørn M. Steine, Ørjan Underbakke, Rune Lovra og tre til Hjelmeland.

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Jone Utbjoa

2 poeng: Øyvind Gjuvsland

1 poeng: Rune Andre Laugaland

Lag:

Ingve Berge – Nils Arne Moe, Tor Olav Berge, Odd Åsgeir Lunde, Christian Smithson – Jone Utbjoa, Ørjan Underbakke, Rune Andre Laugaland, Ingvald S. Halgunset, Bjørn M. Steine – Øyvind Gjuvsland

Innbyttarar: Kiko Eldardiry, Christer Hansen, Tommy Espe, Rune Lovra, Sindre M. Steine, Lars Lavalette