Ny debutant på seniornivå: Mirzet trekkjer i suldalsfargane igjen.

Randaberg arena vart første heimebanen vår denne sesongen.

Motstandarane har hallen som treningsbane, dermed fekk me spele seriekamp her. Kjekt når det bles, snøar og regnar ute, men om sola ein gong skulle finne på å få temperaturen på tosifra varmegrader så er det nå kjekkast med fotball ute. Speletilhøva var uansett like for begge lag; tilnærma perfekt!

Siddis 3 starta kampen best, trilla ball og kom til nokre store sjansar. Dei kunne fort teke leiinga, men Inge Lunde stod strålande i mål. Det første kvarteret hadde han mange inngripnadar, og tre av dei var nokre fantastiske reaksjonsredningar. Ingen tvil om at han var vår bestemann i dag.

Etterkvart kom me og med i kampen og fekk spelt oss til nokre småsjansar. 19 minutt ut i kampen resulterte det i leiing. Me kontra, Sigurd Slåtto førte ballen og spelte ut til Tore M. Steine på høgrekant. Tore la fint inn framfor mål der Ørjan Underbakke enkelt kunne setje ballen i ope mål. Eit flott angrep.

Det såg ut til at me skulle gå til pause i front, men rett før pause fekk Siddis 3 frispark rett utanfor straffefeltet. Dette skaut dei i mål slik at det stod 1-1 til pause. Alt i alt ein jamnspelt omgang, men med Inge som reddande engel.

Siddis stilte mannsterkt og kunne utover i andre omgang byte mykje på laget. Me hadde berre to me kunne rullere på, og det viste igjen ettersom klokka gjekk. Den gode innsatsen i første omgang kosta, og det første kvarteret etter pausen putta rosa-trøyene tre mål. Det hadde likevel ikkje trunge å bli ein såpass stor siger. Me hadde mange sjansar til å skåre mål, men kombinasjon av elendige avslutningar frå vår side og ei uredd og god målvakt hos gjestene gjorde at me ikkje fekk meir enn det eine målet. Når me ikkje skåra på sjansane våre, så var det lett for motstandarane å kontre inn ein trygg siger.

Siddis hadde fleire gode ballspelarar, og når dei skårar på fleire sjansar enn oss så er fotball såpass enkel at dei vinn.

Innsatsen er det lite å seie på, me skulle berre vore litt fleire slik at me fekk kvilt oss nokre minutt på sidelinja. 7’er-fotball er ganske intenst!

Me hadde ein debutant på banen i dag og. Sandbuen Mirzet Softic har fortid frå aldersbestemt fotball i Suldal/Sand og er hanka inn som forsterkning i vårsesongen. Det han har vist på trening er lovande, så det gjeld berre å få det ut i kamp. Det er det sjanse for alt i neste veke.

Fakta:

Mål: 

1-0: 19 min: Ørjan Underbakke (Tore M. Steine målgj.)

28 min, 34 min, 37 min, 43 min, 50 min: Siddis 3

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Inge Lunde

2 poeng: Sindre M. Steine

1 poeng: Tore M. Steine og Sigurd Slåtto

Lag:

Inge Lune – Sindre M. Steine, Tore M. Steine, Audun Hilde, Sigurd Slåtto, Vidar Ritland, Ørjan Underbakke, Mirzet Softic, Odd Eirik Nordmark