Håkon teikna seg på skoringslista mot Etne

Suldalsgutane fossar vidare. Torsdag var det tabelleiar Etne, som stod med med solide 32-2 i målforskjell før denne kampen, som vart sendt heim med stygge siffer i bagasjen. Det vart med andre ord ein komfortabel siger for Suldal denne kvelden. Men det tok bortimot ein omgang før dei fekk kontroll over eit hardt kjempande Etnelag. Kampen starta friskt med mål på dei 3 første sjansane. Først ut var Suldal som vann eit innkast høgt i banen. Håkon legg inn til Ingvald som plasserer ballen utanfor rekkevidde for Etne sin keeper.  

 Men det tek ikkje lang tid før bortelaget viser at dei og kan spele ball. Eit innlegg frå høgresida havnar hjå ein umarket spiss som enkelt kan breiside ballen i mål. Og berre minuttet seinare får Etne frispark på 20 meter. Keeper Oddbjørn reddar det velplasseret skotet, men ein etnespelar er raskt framme på ein retur og tuppar ballen i mål. Kampen er bare 7 minutt gammal, men begge lag har allereie hatt leiinga.

 Både Suldal og Etne har etter dette store sjansar til å skore. Og sjølv om banen på Jelsa ikkje kan måle seg med «stovegolvet» i Prestavikjo, viste begge lag at det går an å spele fotball på naturgras og. Så får heller banemeisteren på Jelsa tåla at somme etnespelarar måtte ty til ein Andre Danielsen og skulde på banedekket då dei ikkje klarte å få ballen mellom stengene!

 Og banen skal ikkje lastast for situasjonen som på mange måtar avgjorde kampen. Midt i omgangen mottek Terje ballen utanfor 16-meteren, set fart og kjem åleine med keeper. I det han skal skyte vert han meid ned bakfrå av Etne sin kaptein. Raudt kort til han og straffe til Suldal som Ingvald ekspederer i mål 2-2.  Resten av omgangen kjempar Etne godt, og er fleire gonger nære på å ta leiinga på ny. Men det vert etter kvart klart at Suldal tek over kampen meir og meir. 2 minutt før pause greier ikkje Etne å stå i mot lenger. Først kjem Ingvald seg til dødlinja, legg ut 45 til Halvard som breisider ballen i mål. Minuttet etter får Ingvald god treff på eit langskot og Suldalsgutane kan gå til pause med 4-2 etter ein fartsfyllt omgang.

 Og om Etne hadde planar om eit tidleg mål i 2. omgang for å skape ny spenning i kampen, så vert dette håpet effektivt knust etter nøyaktig 1 minutt. Då vert Hallvard spelt fint gjennom. Han leverer ballen til betre plasserte Håkon som skorar sikkert. Fint samarbeid mellom dei 2 spissane. Dermed går lufta utav dei grønkledde frå nord. Suldal kontrollerer kampen og pyntar på resultatet med 2 langskot frå Ingvald og ein fin stikkar frå Johannes til Hallvard.

 

Keeper Oddbjorn veks med oppgåvene

I ein god kamp skal alle på laget ha honnør for god innsats. Keeper Oddbjørn tek stadig nye steg og vert tøffare i feltet. Forsvarsfireren med Stian, Mikkel, Pål Erik og Lars jobba seg godt opp etter litt startvanskar. På midten jobba Johannes godt og vann mange hovudduellar, medan Ingvald stadig sende dei hardtarbeidande kantspelarane Christian og Terje på sugande løp langs krittet. Lengst framme var både Håkon og Hallvard stadig på hogget, og kunne fort ha putta på fleire mål. Utover i 2. omgang kom Vebjørn og Njål kvar sin backplass, Sander som kant og Tim som spiss. Alle viste heilhjarta innsats, og bidrog til å halde tempoet oppe heilt til dommaren blåste av. Ein vel gjennomført kamp!

 Neste kamp er heime på Eide Stadion mot Vard Haugesund fredag 18 mai

 

 

 

1-0  3 min       Ingvald S. Halgunset

1-1    6 min       Etne

1-2    7 min       Etne

2-2  16 min      Ingvald S. Halgunset

3-2 38 min      Hallvard Erfjord

4-2 39 min      Ingvald S. Halgunset

5-2 41 min      Håkon F. Vanvik

6-2 47 min      Ingvald S. Halgunset

7-2 54 min      Hallvard Erfjord

8-2 61 min      Ingvald S. Halgunset

 

Kort:    Rødt: Etne

            Gult: Hallvard Erfjord

 

Lag: Oddbjørn Lund, Stian Jelsa, Mikkel Wigestrand, Pål Erik Landsnes, Lars Lavalette, Terje Nevøy, Ingvald Halgunset, Johannes Wigestrand, Christian Smithson, Hallvard Erfjord, Håkon Vanvik

Innbyttarar: Sander Deilkås, Njål Håranes Eide, Vebjørn Nerheim, Tim Sparcholz