Gunnar, Håkon, Ingvald og resten av Suldalsgutane hadde full kontroll mot Vard

17-mai regnet hadde gitt seg, gradestokken viste igjen tosifra verdiar og sola hang høgt over ei irrgrøn grasmatte på Eide. Med andre ord: ein fin kveld for fotball. Og Suldalsgutane leverte varene denne gongen og. Det vart storsiger over gjestene frå Haugesund.

Etter ønske frå Vard starta kampen 10 minutt før oppsett tid. Dermed var det ein stor del av det etter kvart talrike publikummet som ikkje fekk med seg at som i førre kamp mot Etne starta kampen forrykande. Då folket benka seg kl 18 viste resultattavla allereie 3-0 til Suldal.  Suldasspelarane var aggressive og viste at dei ville ta tak i kampen frå start. Først starta Mikkel eit angrep frå sin midtstopparplass med ein fin pasning opp til Terje på høgrekanten. Innlegget sette Hallvard hårfint utanfor. Men det varte ikkje lenge før den andre spissmakker Håkon viste kor målet står. Han får eit innlegg frå Hallvard som han plasserer utanfor keeper si rekkevidde. Eitt minutt seinare gjennvinn Suldal ballen høgt i banen. Ingvald sender Håkon på løp gjennom. Han set ballen på keeper, som likevel klarer å rote den i mål. Ikkje så spektakulært, men effektivt er det.

Og bare minuttet seinare avslører Vard på ny at dei slit defensivt: Hallvard bruker farten sin og stormar inn i 16-meteren. Han gjer ei finte for å kvitte seg med midtstopparen som bokstaveleg talt heng på som ein klegg. Så godt heng han, med begge armane rundt suldalsspissen, at dommaren ikkje har anna å gjere enn å dømme straffe  til Suldal og gult kort til forsvararen. Ingvald breisider ballen inn ved stolpen. Suldal er dermed i føringa med 3 mål før det er gått 10 minutt!

Etter denne kalddusjen får Vard organisert seg betre, og kampen roer seg meir ned. Det er framleis Suldal som har overtaket spelemessig. Suldal  er flinke til å få med kantspelarane sine, og særleg Lars på venstrekanten får god plass å boltre seg på. Han set gong på gong full fart nedover mot dødlinja og leverer fine innlegg. Men mål blir det ikkje før omgangen er i ferd med å ebbe ut. Suldal  gjenvinn ballen like utanfor hjørnet av Vard sin 16-meter. Ingvald løfter ballen diagonalt  inn til Hallvard som skallar ballen i nota. Flott gjort!

Påfyll i pausen: Lars, Tim, Pål Erik, Stian og Oddbjørn

Det står 4-0 til pause i ein kamp der Suldal har hatt full kontroll. Det vesle Vard har hatt å kome med har forsvaret rydda godt opp i, og keeper Oddbjørn viser større autoritet for kvar kamp som går.

Andre omgang starta som første med eit massivt trykk frå Suldal. Og mykje skjer på venstresida. To gonger bruker Lars farten for å kome forbi backen sin, og legg inn framfor mål. Ved det første høvet mottek  Hallvard ballen på Vard sin fem-meter, gjer ei fin vending og set ballen til side for keeper. Like etter endar innlegget frå Lars ved bakre stolpe, der han finn Sander som har kome inn på høgre kant. Han legg tilbake til ein umarkert Hallvard som får god tid til å setje inn sitt tredje for dagen.

Utover i omgangen fell både intensitet og pasningskvalitet. Spelarane merkar at grasmatta er tung, og det vert gjort mange bytte på begge lag. Mellom anna vert  Pål Erik flytta fram som spiss, saman med Tim som og har kome inn. Han bruker ikkje lang tid på å vise at han har kvaliteter på andre posisjonar enn midtstopparplass. På eit gjennomspel brukar han farten sin og kjem åleine gjennom med med keeper. Like utanfor 16-meteren vert han felt  av Vard sin bakarste mann. Dermed må dommaren ned i lomma etter det raude kortet og det vert 11 mot 10 resten av omgangen.

7-0 vert sett inn på eit fint langskot av Johannes, medan Tim har regien på Suldal sitt siste mål. Han startar eit angrep ved midtstreken på høgresida, set fart og leverer ballen fint til Johannes sentralt, som avanserer nokre meter. Tim som i mellomtida har fullført løpet sitt inn framfor mål, får igjen ballen og krigar den inn slik ein spiss skal gjere!  Det siste som skjer i kampen er at Vard får ei redusering etter klabb og babb inne framfor Suldal sitt mål.

Suldal skorer 8 mål, er bortimot pottetette bakover  og er gjennom heile kampen spelemessig overlegne. Innbyttarane som kjem inn i andreomgangen gjer ein solid innsats. Vebjørn debuterer frå start og kjem godt frå det på sin venstrebackplass.

Det som trekker ned er at etter ein flott start på begge omgangane, slepp heile laget seg litt ned i staden for å halde intensiteten oppe. Det vert slurva med mottak, pasningar og avslutningar. Utfordringa til neste kamp må vere å halde trøkket opp gjennom 90 minutt.

 

 

Neste kamp er borte mot Nord 2 tysdag 22 mai.

 

1-0   6 min       Håkon F. Vanvik

2-0   7 min       Håkon F. Vanvik

3-0   8 min       Ingvald S. Halgunset

4-0 37 min      Hallvard Erfjord

5-0  43 min     Hallvard Erfjord

6-0  50 min     Hallvard Erfjord

7-0  59 min     Johannes Wigestrand

8-0  78 min     Tim Sparchholz

8-1  79 min     Vard

 

Kort:     1 Rødt og 2 gule, alle Vard

Lag: Oddbjørn Lund, Stian Jelsa, Mikkel Wigestrand, Pål Erik Landsnes, Vebjørn Nerheim, Lars Lavalette, Terje Nevøy, Ingvald Halgunset, Johannes Wigestrand, Hallvard Erfjord, Håkon Vanvik

Innbyttarar: Sander Deilkås, Njål Håranes Eide, Vebjørn Nerheim, Tim Sparcholz, Karl Georg Erfjord, Gunnar Klungtveit.