Ingve var best i dag, og var ikkje skuld i alle baklengsmåla.

Det vart stygge siffer i den første a-lagskampen på tre veker.

Grunna avlyst kamp og frihelg er det heile tre veker sidan sist gong me var i aksjon, det såg ikkje ut til at den pausen var særleg gunstig. Me vart for små gjennom heile kampen mot dei kvit- og raudstripete frå Vardeneset. 

Kampen kom ikkje i gong før ein time etter oppsett tid grunna pinsetrafikken, og det gjekk ikkje meir enn fem minutt etter avspark før vertane leia 1-0. Dei spelte fint gjennom midtbanen, ut på kant og inn framfor mål. Her var Christer Hansen uheldig og sette ballen i eige nett. Mål hadde nok likevel vorte, for bak Christer stod det klar ein kar til å breiside ballen inn i leiing.

Etter den starten hadde me den beste perioden vår av kampen. Ikkje at me kom til så mange sjansar, men det stod berre 1-0 i målprotokollen, så det var spenning. Vèl kom Vardeneset til fleire sjansar, men ein god Ingve Berge i målet vårt avverga mykje. Målvakta vår hadde liten del i skulda for alle baklengsmåla i dag. Tvert i mot, utan Ingve i mål kunne det sett endå styggare ut.

Så, etter vel tjue minutt, fekk Vardeneset to kjappe mål, eit på markeringssvikt i feltet vårt, og så eit direkte på hjørnespark i medvinden. Det gjekk så mest eit kvarter, før dei skåra to kjappe til. Dermed var kampen på mange måtar slutt med 5-0 etter 40 minutt. For oss handla det vidare om å jobbe for å få mål. Den som var nærast var nok Jone Utbjoa som stod for godt halvparten av målsjansane våre i dag. Alle tre sjansane enda i skot langs bakken som målvakta deira var nede og redda.

Andre som hadde avslutning på mål i dag var Tommy Espe som kom på fin overlapp på venstresida og vart spelt flott fri av Bjørn M. Steine. Alt var godt utført, heilt fram til avslutninga som enkelt vart avverga. Ingvald S. Halgunset løsna og eit skot frå 35 meter då han såg at målvakta deira var ute på tur, men han kom raskt nok attende og fekk ei hand på ballen. Elles hadde Ørjan Underbakke og Bjørn M. Steine nokre gode hjørnespark, men motstandarane var store, sterke og raske og rydda greit opp det som måtte komme.

I andre omgang slapp nok heimelaget seg til tider litt nedpå, men måla rann jamnt og trutt inn slik at det vart tosifra imot for første gong på temmeleg lenge.

Kva er så grunnen til at det blir 10-0? Me møter eit godt lag, det er klart. Men me gjer ikkje nok sjølv heller. Utanom Ingve i mål, var det vel knapt nokon som spelte opp mot potensialet sitt i dag. Sigurd Slåtto gjorde eit solid arbeid i ny rolle som defensiv midtbanespelar, men får lite hjelp når han har vunne ballen. Samtlege må opp eit par hakk i intensiteten i spelet sitt, me er ikkje raskt nok oppi motspelarane når dei har ballen, og me er ikkje ivrige nok etter å vere spelbare når me eig den. Me manglar rett og slett god, gammaldags vinnarvilje. Den må fram til helga når Sunde kjem til Prestavikjo. Revansje, gutar!

 

Fakta:

Mål:

5, 21, 23, 36, 38, 48, 71, 77, 86, 89 min: 10-0: Vardeneset 2

Gult kort:

Jone Utbjoa

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Ingve Berge

2 poeng: Sigurd Slåtto

1 poeng: Jone Utbjoa

Lag:

Ingve Berge – Christer Hansen, Tor Olav Berge, Sindre M. Steine, Tommy Espe – Jone Utbjoa, Ingvald S. Halgunset, Sigurd Slåtto, Ørjan Underbakke, Bjørn M. Steine – Kiko Eldardiry

Innbyttarar: Bjørn Vidvei, Svein Egil Holmestad, Thomas Brustveit