Måndag kveld kom Haugar på besøk til Prestavikjo for å prøva seg mot G14-gutane.

Kampen starta litt rotete frå Suldal si sida, men dei fann ut av det meir og meir utover i kampen. Mange gode angrep vart rulla opp langs sidene. Suldal vart rett og slett for sterke for Haugar. Dette var den første skikkelege (11’er) heimakampen, og det var mange som møtte opp og heia på gutane. Gode tilbakemeldingar frå tilskuarane der dei var imponert over godt samspel, noko både gutane og trenarane må ta til seg. Målscorarar: Torjus (7), Tom (3), Sander (2), Eric (1) og Gjermund (1).

Neste kamp er heima  mot Vedavåg tysdag 19. juni kl. 18.30. Då må me få til eit lagbilete av G14-gutane!